Bøkene L&B Forlag har gjeve ut
Framleis i vinden (November 2012)
Endeleg er Grinden tilbake med ny diktsamling.
Brynjulf
Grinden si femte diktsamling er no ein realitet. Det er 4 år sidan sist og mykje
har skjedd. Dette kan nok lesast både på og mellom linjene..
Tema for årets diktsamling er mellom anna samliv, kjærleik og natur.
Vil du bestille boka kan du sende
ein epost til:
olstadrune@gmail.com
eller send ein SMS til 91157898
Prisen er kr. 150,-
Gift manns blues (November 2008)
Etter ein pause på fire år er Brynjulf Grinden tilbake med si fjerde
diktsamling.
”Gift manns blues” er ei til tider personleg diktsamling,
men har og innslag av den ”gamle” slagferdige Grinden både som naturlyrikar og
filosof.
Vil du bestille boka kan du sende
ein epost til:
olstadrune@hotmail.com
eller send ein SMS til 91157898
Med blanke ark (Desember 2004)
Dette er tredje bok frå Brynjulf Grinden. Sidan sist er Grinden og Quinden
blitt mann og kone, og dei har busett seg i Nord-Trøndelag der dei har starta
opp bok- og plate-antikvariat.
Tittelen på boka,
"Med blanke ark", henspeilar dels at det snart kjem eit
nytt år og dels at det faktisk er ein del blanke ark i boka.
Tanken her er at lesaren sjølv skal kunne dikte vidare på dikta i boka, eller
skrive inn sine eigne dikt for den del.
Eit spennande nytt konsept frå Grinden!
Grinden og Quinden (Desember
2003)
Eitt år har gått sidan "Uortodoksiske ungkarstankar" kom ut, og for
eit år det har vore for Brynjulf Grinden! Takka vere ein ung forfatterinne,
Marit Landemo, er han ikkje lenger ungkar. Dei møttest sommaren 2003, faktisk
takka vere at "Uortodoksiske ungkarstankar" var utstilt hos bokhandlar
Skjeldestad, og sidan har ting gått slag i slag. Det tok ikkje lang tid før
Grinden flytta frå sitt kjære Kaupanger og busette seg i Bø der Landemo held
til.
Kva var vel då meir naturleg enn eit samarbeidsprosjekt mellom
forfattarane. Resultatet vart diktsamlinga "Grinden og Quinden"
og ikkje uventa har dei henta mykje av inspirasjonen frå hendingane frå då
dei møttest i sommar.
Uortodoksiske ungkarstankar (Desember 2002)
Vår første utgivelse var diktsamlinga "Uortodoksiske ungkarstankar"
av den lovande diktaren Brynjulf Grinden frå Kaupanger.
Brynjulf Grinden har skrive dikt i fleire år, men meinte
hausten 2002 at dei var modne
for eit større publikum. I debut-utgivelsen har fjellet ein sentral plass, då
det er nettopp her Grinden har fått inpirasjon til mykje av poesien sin. Difor
har det vore eit sterkt ønskje frå han å få gjeve ut boka i 2002, som har
vore Fjellets År. Andre viktige inspirasjonskjelder har vore Jakob Sande og Bob
Dylan.
I "Uortodoksiske ungkarstankar" tek Grinden for seg hendingar og
tankar frå ungkarslivet. Han håper sjølv at diktamlinga skal vere morosam,
men også vere til ettertanke. Noko å tenke på i vår stressa kvardag...
|