Nytt

Grinden med gjesteopptreden i NRK
Grinden var gjest i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane 17. desember. Her snakka han om den nye diktsamlinga, og kom med nokre smakebitar frå poesien sin. Høyr heile innslaget frå sendinga.
(19. desember 2012)

Grinden si femte diktsamling, "Framleis i vinden", er no ein realitet
Det er 4 år sidan sist og mykje har skjedd. Dette kan nok lesast både på og mellom linjene..
Tema for årets diktsamling er mellom anna samliv, kjærleik og natur.
Vil du bestille boka kan du sende ein epost til:
olstadrune@gmail.com eller send ein SMS til 91157898
Prisen er kr. 150,-
(17. november 2012)

Brynjulf Grinden på Facebook
Grinden har fått eiga side på Facebook: http://www.facebook.com/brynjulfgrinden
(17. november 2012)

Endeleg ny diktsamling frå Grinden!
Etter ein pause på fire år er Brynjulf Grinden endeleg tilbake med si fjerde diktsamling, "Gift manns blues".
"Gift manns blues” er ei til tider personleg diktsamling, men har og innslag av den ”gamle” slagferdige Grinden både som naturlyrikar og filosof.
(30. november 2008)

Status
Det har vore liten aktivitet på dikt-sida frå Brynjulf Grinden i det siste. Årsaka til det er at han har vore travel oppteken med familie og drift av antikvariatet. Men litt diktning vert det likevel tid til, så sakte men sikkert samlar det seg opp nok stoff til å gje ut ei ny diktsamling. Nokon dato for utgivelsen er vanskeleg å seie noko om, men vi kjem sjølvsagt tilbake med info om dette.
(29. desember 2007)

Nytt intervju med Grinden i NRK Sogn og Fjordane
NRK har laga eit oppfølgingsintervju med Brynjulf Grinden etter intervjuet for to år sidan. Her fortel han om at det å skrive dikt om ungkarstankar kan skaffe ein dame. Vi møter også dama, Lillian. Høyr intervjuet som vart sendt 6.1.2005 (Lydfilen er i mp3-format) 
(6. januar 2005)

Ny diktsamling frå Grinden!
Ja, det nærmar seg jul og tradisjonen tru er Brynjulf Grinden klar med ny diktsamling.
Tittelen på boka er "Med blanke ark", dette henspeilar dels på at det snart kjem eit nytt år og dels på at det faktisk er ein del blanke ark i boka. Tanken her er at lesaren sjølv skal kunne dikte vidare på dikta i boka, eller skrive inn sine eigne dikt for den del.
Eit spennande nytt konsept frå Grinden!
Boka er i sal no, prisen er 50 kr.
Er du interessert kan du sende bestilling til olstadrune@hotmail.com
(19. desember 2004)

Oppsummering siste halvår...
Frå bryllypet: Grinden-løfting Det er lenge sidan vi har oppdatert denne sida, men det betyr ikkje at det har vore lite som har skjedd. Snarare tvert i mot: I juli inngjekk Grinden og Quinden (eller Rune og Lillian om du vil) giftarmål! Storhendinga vart feira på LB-seter Fjellstuggu på Vassløysa. Etter bryllupet flytta dei til Abelvær i Nord-Trøndelag og starta opp bok- og plate-antikvariatet Eventyret Antikvariat
(23. oktober 2004)



Grinden med diktspalte i Sogn Avis!

Brynjulf Grinden har fått si eiga diktspalte i Sogn Avis, der både hans og andre sine dikt vil bli presentert.
Her er det første bidraget i diktspalta...

(21. mars 2004)

Diskusjonsforum
Vi lanserer eit diskusjonsforum der diktarar og andre kan komme med det dei måtte ha på hjarte. Forumet er eit felles prosjekt for heile LB-Gruppen. 
Gå til forumet...

(18. januar 2004)

"Grinden og Quinden" utgjeven!
Det felles bokprosjektet mellom forfattarane Grinden og Landemo er klar for sal. Diktsamlinga har henta mykje inspirasjon frå då dei to møttest i sommar. 
Les meir om boka...
(Desember 2003)

Nytt bokprosjekt
Romansen mellom forfattarane Grinden og Landemo ber frukter. Vi kan avsløre at eit nytt bokprosjekt er under oppsegling. Forhåpentlegvis er boka klar til årets julesal,  følg med på desse sidene i tida framover for meir informasjon.
(21. oktober 2003)

Dikt om Brynjulf Grinden i Sogn Avis
Arthur Vealad i Bakkagrindi vise og lyrikklubb har skrive nokre vers ifm at Brynjulf Grinden ikkje lenger er ungkar. Les diktet som stod på trykk i Sogn Avis 14. oktober...
(14. oktober 2003)

1. nummer av LB Tidende!
Endeleg er første nummer av LB Tidende klar for publikum. Redaktør for denne publikasjonen er den heller ukjende Tutta Skan-dali. I denne utgåva kan vi bl.a lese om Brynjulf Grinden og hans møte med sin siste flamme, forfatterinna Marit Landemo. Les heile "avisa" her (PDF-format, NB! Tar tid å laste ned for dei som ikkje har breiband)
(14. september 2003)

3. opplag / krav om innlevering til Nasjonalbiblioteket!
I slutten av august mottok Brynjulf Grinden eit brev frå Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. I brevet blir det vist til pliktavleveringslova av 9. juni 1989 og lagt fram krav om å få tilsendt 5 (fem) eksemplar av "Uortodoksiske ungkarstankar". Sidan boka var utselt såg ikkje L&B Forlag noko anna råd enn å sette i gang med å trykke opp 3.opplag. Opplaget denne gangen blir på 22 eksemplar, og det er venta klart til sal om ikkje mange dagane. Les innhaldet i brevet frå Nasjonalbilioteket. (PDF-format)
(3. september 2003)

Høyr intervju med Brynjulf Grinden
Vi har no fått tak i lydopptaket frå Brynjulf Grinden sin opptreden i NRK Sogn og Fjordane 14. januar. Høyr kva han sa i intervjuet (Lydfilen er i mp3-format) 
(11. mars 2003)

Forfattar Grinden er vorten kjendis!
Brynjulf Grinden si boklansering vart som kjent ein stor suksess. Dette er noko media i fylket har fått snusen i, og Grinden alias R.Olstad er blitt intervjua både i NRK Sogn & Fjordane og i Sogn Avis. Les intervjuet i Sogn Avis 18. januar (PDF-format. NB! Filen er stor og kan ta litt tid å laste ned)
(10. februar 2003)

2. opplag snart klart
"Uortodoksiske ungkarstankar" vart ein knallsuksess og heile førsteopplaget vart rive vekk i løpet av eit par hektiske førjulsveker. Ingen tvil om at diktsamlinga har lege under mange juletre! 
Vi vil i løpet av kort tid vere klar med 2. opplag, men du kan allereie no forhåndsbestille boka. Ta kontakt med Olstad på 99 10 23 73 eller epost: olstadrune@hotmail.com.
(4. jan 2003)

Lade & Bakkagrindi Ltd. satsar for fullt i bokbransjen!
Etter påtrykk frå fleire unge og fremmadstormande diktarar har leiinga i L & B Ltd. beslutta å starte opp eige forlag, L & B Forlag. Formålet med forlaget er å få nye og ukjende diktarar / forfattarar sine verk fram i lyset. Vår første utgivelse er diktsamlinga "Uortodoksiske ungkarstankar" av den lovande diktaren Brynjulf Grinden frå Kaupanger.
Brynjulf Grinden har skrive dikt i fleire år, men meinte no at dei var mogne for eit større publikum. I debut-utgivelsen har fjellet ein sentral plass, då det er nettopp her Grinden har fått inpirasjon til mykje av poesien sin. Difor har det vore eit sterkt ønskje frå han å få gjeve ut boka i 2002, som har vore Fjellets År. Andre viktige inspirasjonskjelder har vore Jakob Sande og Bob Dylan. 
 "Uortodoksiske ungkarstankar" tek Grinden for seg hendingar og tankar frå ungkarslivet. Han håper sjølv at diktamlinga skal vere morosam, men også vere til ettertanke. Noko å tenke på i vår stressa kvardag...
Overdommar Olstad har teke på seg ansvaret for sal og marknadsføring av boka. Vil du skaffe deg eit eksemplar, ikkje nøl med å kontakte han på tlf. 99 10 23 73 eller epost: olstadrune@hotmail.com
(Des 2002)

 

OM    

 NYTT    

FORUM
LINKAR    

BØKER

STARTSIDE 

 

Grinden har fått mykje mediadekning, bl.a i Sogn Avis der han vart intervjua 18. januar 2003. (Sjå faksimile over)


©Copyright 2003-2012 – LB-Gruppen