Om L & B Forlag

L & B Forlag vart oppretta i desember 2002 som ein "spin-off" frå tippeselskapet Lade & Bakkagrindi Ltd. Overdommar Rune Olstad har på dette selskapet sine internett-sider hatt ei eige spalte, Cakes Corner, der han har filosofert over både det eine og det andre, gjerne med eit dikt som passande avslutning på eit innlegg.

Det var då ideen kom om å utgje nokre av desse dikta, og andre dikt, i bokform. Olstad har skrive dikt i mange år, så det å få nok stoff til diktsamlinga var ikkje noko problem. Men for å utgi bok trengs det eit forlag, og kvifor ikkje lage eit sjølv?? 
L & B Forlag var eit faktum...

Diktsamlinga "Uortodoksiske ungkarstankar" vart gjeven ut like før jul 2002, under psevdonymet Brynjulf Grinden. Boka vart ein stormande suksess og heile førsteopplaget på 72 eksemplar vart rive vekk på kort tid. Allereie i januar 2003 vart andre opplag trykt, denne gang i 50 eksemplar.


Formålet med L & B Forlag er å få nye og ukjende diktarar / forfattarar sine verk fram i lyset. Vi har fleire kandidatar i søkelyset, så følg med!

 

Kontakt oss

Forlagssjef Asbjørn Dale: vetledalen@gmail.com

Kunstnarisk ansvarleg Rune Olstad: olstadrune@gmail.com

Forlagssekretær Bjarte Løland: bloeland@gmail.com

 

 

OM    

 NYTT    

FORUM
LINKAR    

BØKER

STARTSIDE 
 

 

 

 

 

 

 

 


©Copyright 2003-2012 – LB-Gruppen