Cakes Corner
Startside Nyheiter Konkurranse / Resultatservice Diskusjonsforum Linkar Om selskapet
Cakes Corner

Overdommar The Cake (også kjent som Rune Olstad) har ordet!

PS! Framover vil Overdommaren i stor grad bli å finne på Facebook-sidene våre: www.facebook.com/ladebakkagrindi

Men er vi heldige stikk han kanskje innom her også..


22. mai 2014

Nokre ord frå Overdommaren før VM-Tippen 2014:

Gode deltakarar!

Det er fotball, og det er Brasil. Det er samba og lettkledde damer. Ja, denne sommaren vert eg nok sittjande klistra til skjermen.

Vi håpar på rekorddeltaking i år, så det er berre å invitere vener og kjente. Em-tippen 2012 var ein rysare, og alle veit sjølvsagt at Overdommaren stakk av med heile potten. I år vil han dele litt på pengane, difor 70/20/10.

Utanom underteikna, som er den store favoritten, så må ein nok rekne med Lyslo (Sandanes store son), Løland har lese seg mykje opp, går eg ut frå, og sikkert ein frå familien Hov (Oddgeir). I botn vil vi nok finna E.M.Langen, viss ho torer å delta, i tillegg trur eg Oggi, Loftn og Assen ikkje heng med på dette nivået lenger.

Då er det berre å seie: God tevling!

Overdommar Dr. Cake

 

 

19. juni 2012

Ja, EM går sin gang og mange fine stunder har det vore. I dag er høgdepunktet for underteikna England – Ukraina. Når det gjeld fotball er eg nok anglofil og ganske blond vil mange hevda. Har registrert at eg ligg ganske høgt oppe i samandraget, men skal eg ha sjans til å dra sigeren i land er dagen i dag avgjerande.

1)England må vinna med 1 mål meir enn Frankrike
2)Rooney bør scora minst 2

Det er no lov å håpa :).

Ellers gledde eg meg over reportasjen på NRK om dei irske supportarane – flott med supportarar som står laget sitt last og brast. Vi som held ein knapp på laga som ikkje alltid ligg i toppen kjenner til den følelsen (t.d. Stoke, Charlton, Torvund m.fl.).

Som eg antyda i starten er Løland heilt i toppsjiktet. Men at Skaar skulle ligge øverst er heller ei Bombe – Ja ja gutar og Hovskjerringa, detta vert spanande.

Fortsatt godt EM!

Eit lite dikt, og gode ynskjer om ein god dag til dykk alle saman.

Fin morgon

Morgonsola
saman med
dagens første kaffikopp
dreg natta ut av oss
no er alt berre dag.

B.G
 

 

 

 

9. juni 2012

EM-tippen 2012 er nesten blitt, som intensjonen egentleg var, ein boltreplass for menn. Lb-gruppen er absolutt ikkje opptekne av likestilling. Men det står respekt av Vibeke, som har bite svært godt frå seg frå før, at ho torer å stille opp i dette haraballet.
Angåande frua til dagleg leiar (torer ikkje nemne namnet) så har ho funne sin plass her i livet, med vaskebøtta og støvkluten i hand. Ja, det er slik det skal vere! Vi gutta får ta oss av tippinga, slik vi alltid har gjort.

Vel nok om det – tilbake til EM 2012. I skrivande stund er 2 kampar spelte og det var litt av ein start. Rett og slett moro :).

I kveld er vel Nederland store favorittar mot Danmark, men ein skal aldri avslå danskane. Dei har til og med vunne EM - Hugsar noko når?(personleg såg eg den finalen på Klingenberg hotell på Årdalstangen etter ein KIL-kamp der inne).

Tyskland og Portugal vert nok og ein spanande kamp. Mange har tippa Tyskland, men denne er nok svært åpen. Når vann forresten Tyskland EM sist?
 


Ja, slik kan det gå

Frua sto framfor skjermen
vifta med stjerten
gubben sat klistra
han hadde ferten
av skikkeleg fotballsus

Frua vart arg
kledde seg naken
faen til mannfolk
Sit der med den slappe staken
ikkje lenger sansen for mus

Mannen han gløtte
så vidt over skuldra
Kjerring, kom her litt
du må ikkje buldra
hent heller eit skikkeleg krus.

B.G 09.06.12


 

 


5. juni 2012

Gode medtipparar. Då er det like før alvoret sparkast laust. Det er mykje snakk om hooligans om dagen, men vi får tru det vert eit fair play EM både på og utanfor bana.

Underteikna leverte tidleg i år. Følte meg trygg på at eg hadde funne eit brukbart tips, men kven veit kanskje det vert heilt skivebom.

Frank H. Var den første som leverte og han held jo fast på sine favorittar (les Tyskland). I år hadde eg bestemt meg for å tippe på dei og, men det fall seg slik at sidan leiinga nett har vore til England, og planlegg ny tur til hausten, så har eg tippa dei noko lenger enn Tyskland.

Angåande favorittar til årets EM-tipp, så held eg for utan meg sjølv, Trond Lyslo og kanskje noko overraskande hysefiskar Løland som knappe favorittar. Dagleg leiar vil sjølvsagt vere i toppen og kanskje Hoven. Når det gjeld kvinnfolk, trur eg at dei kjem til å falle totalt igjennom. Hovskjerringa gjekk vel heilt til topps eit år, men det var noko muffens der. Viss Unge Lovende Langen (Ellen Marie) leverer, kan ho med litt flaks kan hende kome inn blant dei 30 beste.

Då er det berre å krysse fingrane og så kjem det nokre betraktningar her etterkvart.

På fredag kan alle med godt samvit settja seg attende i godstolen med fredagspilsa. Husvasken får kjerringane ta.

Leiinga vil takke Ingvar Skaar, for framifrå utforming av spørsmål!

Godt EM!

Cake.

 

 

24. juni 2010

Det spisser seg til!

Ja dei siste to dagane har vore begivenheitsrike. England gikk som forventa vidare! Tyskland snubla seg også videre som vanleg. Dette er jo igrunn bra, da vi får eit gigantmøte mellom desse to, til no kjedelige laga. Det er jo nesten berre utanomeuropeiske lag som har gått vidare til no.
Italia rauk ut, det var vel noko uventa i den på papiret lette gruppa. Men, ingen grupper er lette!! Underdogs gir som regel alt med renter og til og med New Zealand var like ved å gå vidare - dei tapte ikkje ein kamp (vann ikkje ein heller då). Til no ser eg at det er eit knippe lag som har utmerka seg, med Argentina og Nederland i spissen. I morgon reknar eg med, slik som VM har vore til no, at Spania ryk ut!! Vi får sjå!!

Når det gjeld tippen har eg personleg gitt opp. Eg er ein av dei naive som berre satsar på dei største fotballnasjonane og er systematisk i både resultat og kven som går vidare - slike som meg kan aldri vinne. Eg har ikkje rom for overraskingar og det blir vel mi og fleire andre si bane. Det å vinne VM-tippen, handlar ikkje så mykje om kunnskap, men mest om flaks og intuisjon (mannleg intuisjon). Trond har gått til topps, sjølv om eg har avskrevet han . Trond følger med på intriger innad i laga (les Frankrike) og dreg sine eigne slutningar - han gir faen i å tippe på Frankrike sjølv om han har ein svoger derifrå (Du har skjønt det Trond) - eg tippar altfor mykje etter hjarta. Løland for eksempel han tippar i blinde, og det kan sjølvsagt ikkje gå.
Eg held med Bjørnar i VM-tippen; han er ein ung, entusiastisk kar med fotballkunnskap. Håpar han vinn!!!

Då får vi alle (unntatt Frank) krysse fingrane for England!

Cake

 

 

22. juni 2010

Ja, no er vi inne i siste innleiande runde og det er spennande. Frankrike har nettopp røket ut, og det var bra! Det er eit VM i fotball dette her og då bør jo fokuset vera på det. Det var vel bedre å ha ein mentor som trenar enn ein sur, grinete gubbe!!!!!!!!

Nok om det. Tyskland fekk seg ein på tryne sist, og eg håpar at dei også får seg ein på tryne i morgon – reknar faktisk med det. England slit jo og, men dei reknar eg med slår tilbake i morgon. Det største problemet for dei, er ein tysk dommar. Ellers må eg nok og dessverre, sannsynligvis sei farvel til Spania. Chile vert nok for sterke i siste kamp.

Tilbake til fotballen. Argentina imponerer og i dag var det Messi sin dag. Han laga ikkje mål nei, men han gjorde nå alt det andre. Akkurat no er eg sikker på at det vert Argentina eller Brasil. Brasil imponerte jo og, men dei rota no litt taktisk. Vi får sjå!!

Når det gjeld ”Tippen”, så er eg ikkje heilt oppdatert i skrivande stund. Har merka meg at ein del ukjente fjes ligg øverst. Sjølv sakker eg akterut, men vi får sjå når det spissar seg til. Løland ligg no på nedre del, som han brukar. Han meiner sjølv at han er i siget no, men det vil no visa seg – Større sjans for at han set hyserekord i Lavik enn at han kjem blant dei 20 beste.

Ellers har leiinga vore ute og ete i dag, så premien er blitt mindre. Har teke ei noko utradisjonell avgjerd. Frå og med neste tippekonkurranse vert kvinnfolk utestengde. Dette eine og aleine på grunn av Langen-gjengens slappe haldning. Neste gang blir ”Tippen” kun for MENN!

Fotball er jo for menn!!

 

 

14. juni 2010

Då var VM 2010 i gang!

Ja då har vi vore vitne til 10 kampar (Italia spelar seinare i kveld). Det vil sei at i skrivande stund har 20 av dei 32 laga vore i sving.

Tidleg å seie noko enno, men nokre lag har vel utmerka seg. Når det gjeld vårt (les Franks) kjære Tyskland, så starta jo dei bra. Men, det mange ikkje har teke i betraktning etter 4-0 sigeren over Australia er at dei møtte ein gjeng avdanka sauekløppara med fotballsko i kenguruskinn. Reknar med at det vert tøffare motstand seinare i gruppespelet. Det vert spanande å sjå kva som skjer vidare.

England skuffa vel ein smule – om ikkje eit heilt brød, i første kampen. Det er typisk at Verdensmeistaren startar dårleg og so vidt hanglar seg vidare. Det har skjedd gang på gang, og skjer nok igjen. Om det skjer i dette VM vil no visa seg, men eg reknar med dei når langt.

Eit positivt innslag var Ghana – artig med litt afrikanske rytmar og, og ikkje berre denne kjedelige europeiske fotballen. Reknar med at dei går vidare, men kjem neppe så langt. Serbia er ein bra målestokk, så Ghana er godt i gang!

Må og nevne dagens kamp. Danskane hang med ein omgang, men eg sat med følelsen av at Nederland kom til å vinne og det gjorde dei jo. Imponert over det nederlanske vingspelet, og spesielt innbyttaren på venstrekanten (kjem ikkje på navnet i skrivande stund). Minner i grunn litt om meg sjølv i glansdagane på 70-80 tallet :-)

Ja, so var det VM-tippen da. Det er tidleg enno, og det svingar mykje. Legg merke til at Lyslo har hatt ein beskjeden start. Det vert nok hardt for han å hevda seg i år. Det var lite damer med i år. Spesielt eit par blad Langen, med røter fra Røros glimra med sitt fravær – Ellen Marie har nok innsett at dette vert for vanskeleg og er vel redd for at slike bakgårdstipparar som t.d. Løland kan slå ho.

I toppen er det mange nye og ukjente fjes og det er bra. Desse vil nok dette av etterkvart og dei meir rutinerte tipparane (med Menes, underteikna og kanskje Alstad i spissen) vil ta over.

Eg ynskjer alle saman lukke til med VM-tippen og takkar nok ein gang Ingvar for framifrå innsats med ”Tippen”

Vyrdsamt Cake

NB! Berre 4 dagar til sommarferien :-)


 

 

29. mai 2010

VM-tippen nærmar seg!

Ja, dao er da ikkje lenge att før da 19.verdensmeisterskapet i fotball startar. For første gang i Afrika – Sør Afrika.

Eg hugsar mange kampar, men kanskje aller best dao Vest Tyskland slo England pao straffekonk i 1990. Eg har alltid vore begeistra for England , og da er vel naturleg ettersom me voks opp med engelske tippekampar på 70 -80 tallet.

Etterdønningane etter denne kampen, har nok muligens kosta meg minst ein siger i VM/EM-tippen. Tippar aldri Tyskland langt – vil ikkje vinne dao! Som eg har sagt til min gode kamerat Frank : ”At du til stadigheit tippar på Tyskland får vera ditt problem – du er ein alt for god kamerat til at det skal få andre konsekvensar!”.

Slik er da med meg og Tyskland. Eg helde med England, og trur faktisk at dei kan nå veldig langt. Sjølvsagt kan dei gå på trynet, men eg trur ikkje da denna gange. Ellers er da jo ein del andre lag som vil prega meistarkapet. Brasil er som regel med, Italia, Argentina og ikkje minst Spania. Faktisk trur eg Spania har bra sjans til å gjera da godt.

Vertsnasjonen vil nok flyte på publikumsstøtten og desse utruleg fæltlåtande, trompetlignande blåseinstrumenta. Desse vil vel skremme vatnet av, danskar, sveitsarar og andre sarte sjeler.

Ellers kan ein ikkje kalle VM for eit meistarskap der dei beste landa i verda kjempar om ein tittel. Det er jo så mykje drittlag med. Norge er då vel bedre enn Honduras, Algerie, Elfenbeinskysten, Australia og så vidare. Da blir no omtrent som kjønnskvotering i arbeidslivet – Nei, eg skal ta ein krass tleefon til FIFA når VM er over, for å få til litt bedre kvalitet på VM!!

Vel, når det gjeld favorittar til sigeren i VM-tippen 2010 er det sjølvsagt vanskeleg å spå dette, da ikkje så mange har levert enno. I bunnskiktet reknar eg med å finne Ellen Marie, Bjarte, Frank og Oggy.

I toppen vil nok underteikna befinne seg, slik som alltid ellers. I tillegg vil vel muligens Hoven yppe seg, Trond Lyslo er eit sikkert kort i toppsjiktet i tillegg til Menes og Loftn. Folk med anar frå andre kantar av landet kjenner e ikkje, så kan det nok dukka opp overraskelsar.

Viss eit kvinnfolk vinn VM-tippen, så skal eg personleg møte opp for å dele ut pengane! Dette ser eg på som like sannsynleg som at han Bjarte treff ein Isbjørn på veg til Stedjeåsen.

Lukke til!
 

 

 

 

29. juni 2008

Gode tipparar!

Vi får berre gratulere Vinnaren: Vibeke - Når sant skal seiast var det jævla godt tippa. Eg trekker herved tilbake alle negative ord eg har sagt om kvinnelige tipparar (hovedgrunnen er nok at eg er stornøgd med att Tyskland tapte) Ja dei kunne godt ha tapt med 5-0. Sjeldan å sjå slik rundspeling i ein finale!

Ellers kom hovedsponsoren billig ut av det med bokpremiane (Ingen kom på 16. eller 24. plass). Men det vert sagt frå den fronten, at vinnaren får 300,- i fritt valg frå nettkatalogen (www.eventyret.net). I tillegg har Loft´n sikra seg heile 800,- og Bjørnar med sin solide 31. plass har sikra seg bøker for 500,-

GRATULERER!

Ja då er det berre å sjå fram mot neste tippekonkurranse og takke den eminente Ingvar Skaar for flotte spørsmål!!!!


 

25. juni 2008

Tyskarflaksen fortset!

Ja, ein av dei absolutt dårlegaste laga er komme til finalen - SKANDALE:
- Flaks mot Polen
- Elendige mot Kroatia
- Ikkje imponerande mot Østerrike
- Flaks mot Portugal
- Grisaflaks i dag (Tyrkia var det heilt klart beste laget)

Ja ja slik har det stort sett vore i dei fleste mesterskapa. Dei vinn sjølv på ein dårleg dag seier tilhengarane. Maskineriet mel og mel, seier andre. Jau jau som dei seier bøndene her i Nord-Trøndelag!

Me får berre håpa at Spania eller aller helst Russland grisebankar dei noko jævlig!!!!!

Nok om det - Tippen går mot slutten og det spissar seg til. Sjølv har eg vel ikkje ein teoretisk sjans ein gong (vert nr. 2 eller 3 etter eigne beregningar). Det ser svært farleg ut for at eit kvinnemenneske skal stikke av med sigeren! Dette er ikkje bra og ein hån mot fotball (som etter mi meining er ein manneting) Vel, det er ein del som tydar på at det muligens kan vera ein mann som står bak tippinga!!

Neste tippekonkurranse må muligens delast inn i to puljar (ein for menn og ein for kvinner). Sjølv om leiinga også leikar med tanken på ein reindyrka mannekonkurranse.

Ellers har ein av Hovedsponsorane - Eventyret Antikvariat kome med ei kunngjering i dag: "Loft´n har no leia so lenge, at om ikkje han vinn konkurransen vert det eit bonusgavekort fra www.eventyret.net katalog på kr 500,-."

Beste kvinnelige tippar vil og kunne vente seg ei overrasking!!

Til slutt eit dikt frå Brynjulf Grinden - som no etter eige utsagn endeleg kjem med den nye diktsamlinga si, med arbeidstittelen "Nattmennesker".

Nattmennesker
snublande rundt
meir eller mindre
i svime,
ber på verdiar
verdt meir enn
all verdas gull.

Diktsamling kan tingast gjennom lb-gruppen eller post@eventyret.net
 

 

19. juni 2008

Ja som eg frykta slo Tyskarflaksen til att. Snakk om å slå til når det gjeld, eller skal vi heller sei snakk om forsvar og keeperspel og ikkje minst ein jævel av ein inkompetent svenske - Ja, eg er ein jævla dårleg tapar :(

Uansett om eg var synsk eller hadde visst at Tyskland kom til å vinna kampen hadde eg aldri tippa på dei. Forbanna vert ein av slikt og det er ikkje første gongen. Kan berre minne om ein straffekonk i eit VM (trur det var i 90), då Shilton var blitt litt for treg i vendingane.

I Vm-tippen neste gong, skal eg uansett tippe Tyskland ut i gruppespelet!

JA ja nok om min og sikkert andre sin frustrasjon - eg tippa logisk og alt sto og fall på om Portugal kom vidare i dag - Loftn derimot tippa på Tyskland og det er vel stor sjans for at han kan nå heilt opp. Sjølv om han har tippa at Tyskland ryk ut i semifinalen og at dei likevel blir Europameistarar. Sler dette til er det berre å ta av seg hatten.

Måtte Loft´n vinne!!!
 

18. juni 2008

Ja det er i skrivande stund snart slutt på dei innleiande rundane, og spaninga i konkurransen er til å ta og føle på som det heiter.

I morgon trur eg at Loft´n sin skjebne vert avgjort. Eg og mange andre held Portugal til å kome svært langt. Loft´n pluss nokre til held Tyskland - Vi får sjå det vert i alle fall spanande. Vinn Tyskland trur eg Loft tek heile potten, men taper dei er det heile svært åpnet. Føll med! som het heiter i Heimevernet.

Ellers heng nokre av damene med enno - Imponerande. I utgangspunktet var vel LB-Betting ein gutteting, men men vi har vel mjukna litt vi i leiinga no etter at vi bl.a. vart fedre. Vi kan vel samanlikne liberaliseringa i Lb-gruppen med Kyrkja sin ståstad når det gjeld Homofile (Nokre er svært liberale, medan andre er i harnisk).

Ja ja lukke til vidare med konkurransen - trur faktisk litt på seier eg og!

Ellers har ein av Hovedsponsorane - www.eventyret.net meldt om premie til følgjande plasseringar:

Nr 2 Gavekort (Fritt valg i internettkatalogen) kr 300,-
Nr 16 Gavekort kr 200,-
Nr 24 Gavekort kr 100,-
Nr 31 Gavekort kr 500,- (Ikkje trykkfeil)

 

9. juni 2008

Nederland imponerte ein fotballglad sogning!

Så var Em og ”Tippen” i gang – Moro!! Det er gledeleg å sjå at interessa er så stor, og med mange nye med.

Sjølv ligg eg enno slik midt på treet – men hugs, det er svært tidleg. Trur nok at Lyslo blir for lett når det går seg til utslagskampar. Han er alt for Frankofil. Hoven derimot trur eg kan bli farleg i år. Loftn og Menes er vel som vanleg med der oppe også. Når det gjeld nye tipparar, så registrerar eg at ein del fruentimmer er å sjå høgt opp – dei dett nok lenger ned etterkvart.

Tilbake til dagens kamp – Ein av dei beste Em-kampane eg har sett. Men Italia skal sjølvsagt ikkje avskrivast enno, dei var absolutt med på notane. Men det forundrar meg at så få hadde tippa Nederlandsk seier. Er det Bingotendensar eller bruker folk statistikk?? Eg berre spør. Sjølv var eg aldri i tvil!

Vel, vel det var alt for i kveld. Kjem att med nokre ord slik dann og vann.

Vyrdsamt

Cake


 

2. juli 2003

Det er sommar, og av og til dukkar til og med sola opp - temperaturen er fin no om dagen so det meste er all right.
Sit no her i stolen min og lyttar til musikk medan pennen dansar bortetter arket (har kladda denne gongen). Det er igrunn merkeleg at det går an, "derfor gjør jeg det gang på gang"

Men det eg eigentleg har på hjarta i dag, er to store hendingar - To kjempenyheiter som har kome for ein dag i løpet av dei to siste vekene. Altso; to verkeleg store tinga har skjedd.
Våkna opp til ein tekstmelding ein Laurdagsmorgon med flg beskjed: "Superkunngjering frå det kvite hus - barn ventes i November" - Unge lovande Timberlid skulle altso bli far og da va no gledeleg. Men berre vel ei veke seinare smalt ei ny bombe - Hysefiskar Løland banka til med 14 poeng og full pott på eit sentralt spørsmål i TL-tippen. Fortset det slik framover, veit eg ikkje kva ein kan vente!

I denne samanheng har eg forfatta følgjande hymne omkring desse to hendingane:



Ikkje akkurat Hiroshima og Nagasaki, men....

To bomber på vel ei veke,
og den eine må ha inneholdt
mykje godt stoff.
At Timber skal bli far er flott 
men at Løland fekk 14 poeng
er vel ei bombe sjølv for Ivar Hoff

Gutta har gjort da ja,
om det er på kvar sin måte
ikkje veit eg 
om eg skal le eller gråte

Å rangere desse hendingar
er vel ingen nødvendigheit
for om den eine har det meste,
er ikkje den andre i beit

Hysefiskar Løland
som kjem frå tronge kår,
eller Morten Minstemann
som har kava på imellom kvinnelår

Eg ynskjer dykk begge
lukke til med alt som skjer
men nokre fleire kommentarar
torer eg ikkje skriva her




Elles ser eg no fram til at Direktør Dale med fruggu kjem heim på ferie i starten av August. Vi har i regi av LB-gruppen (les elbe gruppen) planar om ein fjelltur. Å gå i fjellet er bra for både kropp og sjel, så det oppmodar eg dykk om å gjere alle som ein.
Eg meiner sjølv at eg har ei sunn sjel i eit sunt legeme - men Løland er ikkje einig i da: "Eg vil no heller sei ei sjel i eit legeme" - Ja ja det er no noko det og!!!

Ha ein fortsatt fin sommar!!!!

 

11. juni 2003

God dag kjære vener!

Sjølv om det har vore mykje "ufine" kommentarar i gjesteboka så reknar eg med at alle er vener og vel forlikte. Livet er i grunn for kort til å bruke masse energi på å kava seg opp med å vere stygge med kvarandre.
Men, det er viktig, meiner iallefall eg, å ha ein lett tone og ikkje minst ha det så høgt under taket at det er rom for å kunne "drite litt på draget".

Dagens lille dikt er skrevet for ein del å tilbake av student Brynjulf Grinden, i ein forelesningssal ved universitetet i Oslo, då det vart seigt å følgje med. Utgangspunktet er ei bok av Jostein Gaarder som heiter "Vita Brevis", absolutt anbefalt lesning for folk som likar å gå litt djupare.



Vita Brevis

Vita Brevis er eit
faktum rett og slett
derfor bør det å 
dumme seg ut,
vere ein menneskerett.
Livet er så kort!



Vita Brevis er Latinsk, og betyr: livet er så kort!

Når det gjeld det å tenke seg om før ein handlar, så såg eg og hysefiskar Løland ein aktuell film i gårkveld : "Bowling for Columbine" om våpenbruken og alle morda som vert begått borte i USA. Ein film som er å anbefale.

Eg meiner jo ikkje at ein skal sitte i ein stol å gruble over alt mellom himmel og jord, men at det kan vere lurt å stoppe opp av og til.

Dette vart kan hende noko filosofisk i dag, men dette betyr ikkje at LB-gruppen er vorte eit sorgtungt konsern. Nei, slik at alle skal vite det, så står vi i leiinga for "mest mulig morro" og vår visjon vil alltid vera : "Det er morro å ha da morro!!"

God helg!! og tenk før du handlar!

 

21. mai 2003

Overdommaren har vore på styremøte i LB-Gruppen i Trondheim. Her hadde han så mange opplevingar at han måtte skrive eit spesial-corner / reisereportasje etter turen. Vi har valgt å legge dette corneret ut på ei eiga side. Les meir...

 

8. mai 2003

Gode konkurrentar!

JA so er da i gang att, med blanke ark og nye mogelegheiter for storgevinsten. Denne gangen føler eg at eg absolutt kjem til å vere med i tetkampen heile tida - Eg trur elles at Trøndarane kan verta litt farlegare denne gangen (skal forresten ikkje så mykje til - hehe). Når det gjeld favorittar denne gangen så kan ein jo ikkje kome utanom Trond frå Sandane. i tillegg har eg tru på Frank Hofslundsengen kan bli farleg og ikkje minst Løland. Sistnevnte rapporterast å vere i storslag!! les tabellar og studerar statistikk så det berre gneistrar om øyrene på han. 
I bunnskiktet vil det vere ei bombe om ikkje Loft`n og Ellen Marie blandar seg inn. I tillegg trur eg at døgnfluga Skarsbø kjem til å få seg eit skikkeleg tilbakeslag. 

Tippeligaen er i full gang alt, og både flaggskipa til Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane er i rute. Underteikna i likheit med Trainee Løland har den æra av og vere invitert til storkampen 16. mai der Nidaros tek i mot Sogndal. Det er ein av dei hemmelege hovedsponsorane til LB som slår på stortromma - Vi kan ikkje gå ut med navn, men kan sei so mykje at det dreier seg om eit privat Meieri på Røros. I følge min spion på Lerkendal, så slit Nidaros på heimebane - både mot VIF og Aalesund så vi reknar med at dei ikkje har sjans når Sogndal kjem på vitjing. 

Sjølve Grunnlovsdagen vert feira i regi av LB-gruppen i år - I nidaros - Det vert Landsmøte / Generalforsamling med noko attåt, so den 18. mai høver vel desse orda: 


Tømmermenn 

Tømmermannen sto over meg 
i dag då eg vakna. 
Han slo hardt. 

Eg freista med varsemd
å trø fram på golvet,
men han var langt ifrå
åleine!

 

5. desember
Gode medkonkurrentar, vener og "fiendar"!

Ja da e leingje sidao eg ha komme med noko nytt no, men da kan no henda da e lika godt - i allefall for ein del av dikka. Eg er næmmeleg svært oppteken for tida, med førebuing til noko stort som skal komma. Da ha absolutt ikkje noko med Jesus å gjera, meir med eigne syslar. 
Når da gjelde detta med jul og juleførebuingar, so gir eg jammt faen! Eg e ikkje ao dan typen so laga meg til i juli og ska vera i lag med familien heile tiden. No er eg no i dan heldige situasjonen at eg har mine nærmaste meste utanfor stovedøri, slik at me omgår kvarandre stort sett dagleg. Da å bry seg om andre å vera eit godt medmenneske, da prøve eg no å vera heila aoret, sjøl om eg so andre, av og til kan vera fuddle tyl.
Juli skal visst vera tid til ettertanke, seier dei vise - for meg er julahelgi; Maltøldrikking, Fotballturnering og Nyttårsfeiring med gode vener ( Er spennt pao om Ass`n kjem heim til Nyttaor). Dan planlagde Englandsturen, er vorten kansellert, so i aor vert eg åleina pao Julaftao og da ska bli godt! dao kan eg drikka so mykje malteøl so eg vil, utan at ho mor ska senda meg stygge blikk.

Da var alt om jul. Men eg er oppteken avkonkurransen og. Da gaor heller dårleg med meg, men eg kjem nok sterkare att etter jul - Ass`n, e du bjønnte å planleggja nye konkurranse??????????????
Da ser ut som eg slepp å gå frå Kaupanger til Trondheim, men for å gjera da litt spanande før jul, so skal eg lova å gå i frå Støren til Trondheim, viss Ellen Marie skulle komme føre meg i konkurransen!!!!!!!!

Ja ja elles les eg "Bokhandlaren i kabul" for tida - absolutt ei bok å anbefale for dei litterert interesserte.
Viss eg ikkje skulle finna pao noko meir å skriva før jul, so faor de addle ha ei god jul, med mykje å drikka - Ikjje et so jævligt ao danna feite maten - ein del av dikka e i gode nok stand frao før!!!!!!!!!!!!!!!!!!

 

8. november
Ja sit i styresmøte i L&B , Bjarte og meg. Vurdeerer Ass,n sin stilling. Vi føler han brukar for mykje tid på Sekundære saker - Lite nytenkjing. Men kjære Asbjørn, vi har løysinga - DU MÅ KOMME HEIM TIL SOGN!!!!!

Kom heim kjære Sogning

Kom heim kjære sogning
kom endeleg heim
kom deg langt vekk
i frå Trønderfår

Vi ventar deg her
so snart som du kan
Kom heim no
før du får for mange gråe hår

Vik frå dei no
når dei treng deg mest
berre gå, gi faen
lat dei stå der å grina.

me tek i mot deg, vår ven
med opne armar
og saman med deg 
vil vi av Trøndartryna flina

Kom deg vekk i frå
Nidaros mens du enno kan
kom heim til oss Sogningar 
og vis at du verkeleg er ein mann!!



Ja det var dagens poesi. Elles er The cake i kontinuerlig trening, og kroppen vert berre meir og meir tiltalande (dette i følgje sikre kjelder). På ein måte hadde det jo ikkje gjort noko om ein Trøndar vann konkurransen!!!!

Oppmodar elles folk til å bruke Gjesteboka! 

Endeleg har eg og funne ut korleis mi pilgrimsferd oppover til nidaros skal gå føre seg. Bussen kjem til Trondheim kl 2230, men datoen er enno uviss - de må berre gle dykk alle som ein!!

Go elg!

Cake m /ass. (Trainee Løland)

 

21.oktober
Ja so var den "Store" kampen over. Eg mao berre fao sei at for folk som ikkje har spesielle følelsar for dei to laga, so var da vel ein skikkeleg råtakamp.
Resultatet var greit nok da, men viss Sogndal hadde vore effektive i startfasen hadde det nok vorte eit nytt LYON-tap.
Ja ja addle ekkle trøndartryne; I morgon vert da nok stortap ; HÅPA DEI TAPE MED ØVE 10 MAOL.

Som de sikkert ha observert, lika eg ikkje datta jævla Rosenborglaget - hovedgrunn til da e so klart datta ufyseleg ekkla Grisatryne. Han måtte no sjølvsagt sjella ut da som var etter kampen - både dommar og publikum. Sogndal fekk til og med skuldi for dei siste 5 min. Ein parodi pao Fotball - som begge lag må dele ansvaret for - Eigentleg e da utruleg feigt av RBK og spele slik dei gjorde. Om 3-4 år er Sogndal eit mykje betre lag, og kanskje er det til og med divisjonsforskjell på laga.

Til slutt, eit lite dikt i all beskjedenheit!
 


Då Trøndartryna kom til Bygda!

Då Trøndartryna kom til bygda
alle mann til Fosshaugane gjekk
dei ville gjerne få oppleva
at RBK bank dei fekk.

Slik gikk det ikke denne gang
men kom berre tilbake neste år
eg garanterar at;
dualeg bank de får;

Grisatrynet er nok då på
Orkdal aldersheim
Skammelsrud snubblar rundt
med sniffeklut dar oppe i Trondheim.

Roar Strand er ikkje med
han klarde ikkje meira
føtedn hass var omtrent
so steinharde leira

Den nye trenaren
faor da ikkje til å stemma
han knotar pao trøndar-svensk
so ein psykisk utviklingshemma.

Publikum møter fortsatt fram
og gaular pao sitt Råssenborg
Etter kampen ma de trøsta seg
nede pao Tronheim Torg

Dar kan dei ta seg ein dram
og studera tabellen
mens dei prøver å fordøya
den aller siste smellen.

Ja no er nok snart
RBK sine glansdager til ende
Viss dei har flaks nok
unngår dei nedrykk, kan hende.

No har dei nok fokus
på Champions leauge kampen
da hadde vore bedre å
holde seg heima i badestampen.

Ja Ja "Gamle" Råtaborg
De mao berre rota pao
Eg vil uansett hata dikka
å håpa da vil dikka iddla gao!



Da vart berre 10 vers Løland! Eg fekk skrivesperre.

Når da gjeld Jaktlagi rundt omkring so e da berre å gratulera Menes med sin første Hjort! Da va guten sin ja. Da va nok godt at Loftn ikkje fekk noke i allefall.

Elles slite no Asbjørn og underteikna når det gjeld pl- tippen. Da e berre til å håpa pao at ein Sogning vinne - tenkjer dao først og fremst pao føttn mine.

Til slutt: tips for Ajax - RBK: 11-0
 


9.oktober
Ja no har eg ikkje fått oppdatert "Corneret" på ei stund, og det er berre å beklage. Eg reknar med at spesielt trøndarane har sakna det!
Her nede i Sogneområdet er alt ved det gamle, bortsett frå att det er litt trygare å bevege seg ute i terrenget no. Grunnen til dette er at Tamelgjegeren har reist til Telemark på jakt - Men, rykta har alt nådd bygda: Det var Torgjer som hadde fellt Elgen. 

Elles ventar vi no på at Asbjørn skal kome heimatt. Då vert det nok flagga til topps i Kaupanger. 

Når det gjeld fotballfronten, så er det neste helgs storkamp pao Fosshaugane som staor i fokus her nede. Sogndal treng minst 1 poeng for å vera sikre på å holda seg i Tippeligaen. Eg ser på kampen mot Rosenborg, som kanskje den aller lettaste i år - Sogndal må fram og scora, og det har visst seg før i år, at dei er best når det torer å angripe - Rosenborg må og vinna, men det er seint på hausten og dei "gamle" spelarane er slitne og eg er rimeleg sikker pao at "svart,n" til Sogndal kjem til å knuse Brattbakk / brattbakken eller kva det no er han heiter denne pinngla!


Tankar om ein komande storkamp

Trøndarar på Sognatur,
ein neger gjorde Brattbakk sur,
Ørjan Berg snubbla rundt omkring
han skjøna absolutt ingenting

På benken stod "Grisatrynet" å grynta
Han er no ikkje akkurat stivpynta.
Gamle Hoftun stoppa opp
då Øren kom farande i galopp

Skammelsrud er gamal no
og han har alt for store sko
Rune Bolseth spring i frå han
men han dillta etter det beste han kan

Kan henda småskada Roar Strand
kjem inn for å visa kva han kan
For å gjera "Gamleheimen" heilt komplett
Kanskje skulle RBK bruke Ola By Rett og slett



Skulle spådommen min slå feil - så får heller diktet brukast att neste år - Eg trekker det ikkje tilbake.

Då ynskjer eg alle ein fortsatt fin dag og hugs; Det er ikkje så farleg om du møter deg sjølv i døra, berre du kjenner deg igjen.



26. september

Hallo Igjen !

Ja spesielt hallo til trøndarane. Eg er glad at de har teke i bruk vår eminente gjestebok. For å få avklart ein ting med ein gong, så er eg svært glad i dykk og!!!

Denne veka hadde eg faktisk satsa 30 kroner på Rosenborg-seier i CL, men akk nei. Å Råssenborg Å Råssenborg, seier no eg. Dette diktet eg hadde i forrige veke viser vel at eg er sannspådd? - Eg begynnar å bli redd mine eigne evner. Nok om det. Denne veka skal de få fred for harselering - Som Løland påpeika i gjesteboka i dag, er det sjølvsagt viktig med trøndarhetts, men den tek eg heller igjen i gjesteboka - Så føll med føll med.

Det er faktisk viktigare ting i livet enn fotball. I morgon reiser eg ein tur til Dale i sunnfjord for å sjå om eg kan skaffe meg litt mat til vinteren - det dreier seg absolutt ikkje om Tamelgjakt, men rett og slett om fiske. Fisking er jo ein av mine lidenskapar, og der som ellers har eg som regel lukka med meg. Om det vert Torsk, hyse, sei, steinbit spå er eg like fornøyd. Elles har jo Dale i Sunnfjord, fostra ein av våre store diktarar - Jakob Sande - han har skrive mange flotte dikt, og hans verk er absolutt å anbefale våre trøndarvenner.

Elles har vel dei fleste registrert at Asbjørn ligg sist i PL-tippen, med underteikna like føre - eg vil berre få sagt det endå ein gong : DET ER TIDLEG ENNÅ JA!

Elles vil eg til slutt stille eit spørsmål, gjerne spesielt til Trøndertryna: Kvifor har ikkje Nils Arne Eggen bart?? Viss de ikkje veit svaret, så berre gi meg eit vink. - Eg veit nemmeleg kvifor!

Ha ei velsigna helg, om de skal på jakt, fiske, fotballkamp, bedehuset eller kva faen de har tenkt å gjera på!!

Cake
 

 

19. september
Ja no kan de tru at det kriblar - ja det formeleg klør i fingrane etter å få satt den første krona - ja kven vinn den første potten i årets sesong? - Vert det dramatikk på årsmøtet? o.s.v. Ja no er det berre 3 og ein halv time til vi startar oppatt pokersesongen her innerst i Sognefjorden.

Ellers er vel Trøndarane fortsatt i lykkerus etter vekas poeng i Champingjongligaen! det har de absolutt ingen grunn til; eit meir ineffektivt lag skal ein leite etter og hadde det ikkje vore for ein spelar som kjem frå Sogn og Fjordane so hadde Italienarane teke med seg rubbel og bit. Sjølv rauk eg ein tusenlapp på at RBK tok poeng. Men spelemessig skal eg vere einig i at det var bra - MEN da gjelde som ellers i livet; Ein må få han inn!!!!!

I år gledar eg meg verkeleg til jul. Det er det vel sikkert 25 år sidan sist, og det har sin heilt spesielle grunn. Våre gode medtippar her i PL-tippen, Trond Lyslo, driv no og planlegg ein tur over til England. Det vert Avreise den 21. Desember, og vi vender nasen heimover att den 2. Januar - Det skal verta artig. Avprogrammet kan nemnast: Jolefeiring i Dublin, Eit par Evertonkampar, Forhåpentlegvis ein Stokekamp og viss det klaffar RYPEjakt i Skottland. Når det gjeld det siste så er vi heilt avhengige av gode råd frå Tamelgjegeren - Det ryktast nemeleg at han har kome skikkeleg i gang med Rypesesongen!!
Viss det er andre som har lyst å vera med ein kjekke Nordfjording og ein litt Uortodoksisk Sogning på tur i jolahelgi, so er det berre å gi beskjed.

Elles har eg resistrert at Asbjørn og eg har sakka litt akterut i PL-tippen, men det er lenge att enno! 

Då vil eg atter ein gang få ynskja mine kjære medtipparar og sniklesarar ein velsigna god helg, med følgjande helsing:

Farvel Lerkendal!

Fager kveldsol smiler 
over Lerkendal
dette er nok drøymerike
for den som er fotballgal.
Men berre vent
min Trøndarvenn
om eit år eller to
vil Enga ta dykk igjen!

Då vert det slutt på
Å Rosenborg Å Rosenborg
Så kanskje eit ølkrus de må ta
for å sløkkje dykkar sorg
Ja kanskje til og med
Superlaget Sogndal 
vil vise Trøndartryna ryggen
då er alt over; kjære Lerkendal

 

 

10. september
Ja so sat eg atter ved datamaskina. Mi veke her nede i sydhavet gaar mot sin ende, og da e alltid godt aa vende heim til den stoerste perla pa jordi - Kaupanger!!

Men da vert ikkje lenge til eg skal ut pa ei ny reise - Ja ei signingsferd - Eg skal innta Storbyen Trondheim. Dette kjem til aa skje i loepet av hausten, so er ber alle troendarar om aa foerebu seg godt. Eg kjem personleg til aa oppsoke dykk, alle som ein. Dette vil eg gjere for aa sjaa kva slags folk da e asbjoern mengar seg med. Det kan i verste fall bli nedlagt forbud for han aa ha kontakt med einskilde av dykk, viss dette kan vera til skade for han eller for bettingselskapet.

Dette er ingen trussel - Olstad er ein svaert harmlaus og greie gut, med masse haor i roevi!

Eg ville igrunn berre foerebu dikka pao da som ska komma! Men eit lite krav ha eg, og da e att da mao skipast til ein fest (med Karsk og andre Troenderske godsaker) der samtlige Pl-deltakarar fra Trondheim og leiinga er til stades!

Elles lukke til med spoersmaala til helgi til alle deltagarar.

Jeg er absolutt ingen Fjellabe, men en yr Gaselle - Ein gyllenbrun og smaasexy Olstad helsar dykk alle.


 

9. september:
Gode Medspelarar eller motspelarar (eg likar aa vera paa godfot med folk). I Skrivande stund sit eg paa ein internettcafe paa Kreta. Vaeret er i overkant heitt foer ein skoging, men da e ellers berre lekkert.

Eg kjem nett fraa ei Heiniken borti gata her - og da smakte for sovidt svaert so bra (slik so da pleie). Eg fekk til aa med noko attaat - noko mintgroent i eit lite glas - ja ja er ikkje blitt daarleg enno. Skal foresten tilbake til den sjappa litt seinare i klveld for aa sjao Hellas-Spania. De dar heima mao vel slita med Norge-Danmark (da verte heilt sikkert ein raatakamp- eg tippa 0-0).

Ja dei siste vekene har eg teke foere meg lyrikk, i dag vert da lite grann filosofi - eg skjoennar at dette kan vere tungt stoff for troendarane - men de faor proeva so godt de kan aa heinga med i svingane.

Formaolet med turen min til Kreta, er da berre eg aa han Asbjoern so veit. Turen er kjoept og betalt av dikka, og vert direkte trekt frao 1. premiepotten (dan kosta forresten berra vel 2300 kroner). 
Olstad hadde eit viktig oppdrag her nede, og da va aa finna ut kaaleis da va aa reisa ned til syden som ein meir eller minder utgammal ungar frao oeve bakkagrindi. Olstad er pao leit etter dan absolutte friheiten. I foelge Nobelprisvinnaren i litteratur - 2000-(Gao Xinjang) so er dan absolutte friheiten da aa vera aaleina. Men konflikten er stadig soeken etter varme frao ein annan person. Eg mao berre sei at her nede er vaeret meir eller varmt nok for meg.

Ja detta va kanhenda tungt stoff, men eg har da veldig bra her nede - tufflar no rundt for meg sjoelv og sler av ein liten prat med folk i ny og ne. I morgon tidleg skal eg forresten paa tur (reiser med buss kl 0525 utanfor hotellet, so eg lyt no ta da rolig i aften ja.

Elles er da no sikkert nokon som lure pao om da e nokre bra kvinnfolk aa sjao - Ja da mao eg sei attte da absolutt e - men for kvar bra eg ser er det 10 mindre bra (ja for da e vel ikkje lov aa sei att folk e stgge??)

Mao da gao vel med baade dikka og resten av min reise!

Vyrdsamt Overdommar Cake (Eller Olstad blant gode vener)


 

30. august 2002:
JA so er eg tilbake med nokre få ord! Her i Sogn gaor alt sin vante gang, med lite nyheite. Loft`n ligge lågt no føre tamelgjaktsesongen, so denna hausten vert da nok ikkje lett å vera elg. Elles so har eg i dag bestillt meg sydentur - etter litt att og fram vart det Kreta eg landa pao. Eg plagast litt med noko som heiter Flyskrekk light, men ein faor berre ta seg ein skarpe (eller ein karrsk - so dei seie oppe i gokk).

Sidan eg fortsatt er i da lyriske hjørnet passar da kan hende med diktet ;


"Ungkarstankar omkring lettkledde smårips"

Eg ser du kjem der borte
like rundt svingen
skjørtet flagrar i vinden
ja detta hadde vore tingen

Eg undrar meg øve 
kor mange somrar du er
om du er gamal nok
og kåleis du er utan klær

Fantasien den jobbar
eg drøymer meg bort
men ein gamal ungkar som meg
får sjølvsagt ingenting gjort

R.O. 29/8-02



JA som nevnt skal eg på sydhavsferd, men reknar med å sende nokre ord derifrå i slutten av neste veke!!

 


21. august 2002:
Som annonsert i forrige "Corner" so vert det denne gangen lyrikken som står i sentrum, sjølvsagt pao bekostning av ein eller annan som måtte føla seg truffet.
 


TamElgJegerens Vals

Da haustast ute
og jaktinstinktet kjem fram
dao drege han til Telemark
for å jakta å ta seg
ein jegerdram

Sjølvsagt so har han børsa med
ein seriøs jeger må jo det
Han listar seg ut så stille på tå
smyg seg bort til furua
der Elgen brukar å stå.

So klappar han Elgen over ryggen
før han plantar børsa i
tryne pao han
danne uortodoksiske styggen!

Ja ein TamElgJeger
av verste sort,
med lisens til å drepa.
Gleda med jakti
fell nok aldri vekk,
so lenge han nett utfør døri gaor
for å fylla sin TamElgJegersekk


Ikkje noko stor lyrikk muligens, men det er viktig å få ein debatt rundt jakt og jaktmetodar no når jakta er like om hjørnet.

Elles so er konkurransen i gang og dei fleste fekk poeng såg eg. På Fredag er det spørsmål nr 2, og dar vert da vel underteikna og "GammleDalen" so faor poeng - om Solskjær spela dao!
Neste vekas Corner er ikkje under planleggingstadiet ein gang - ein faor berre sjao kva som skjer.

Fortsatt God konkurranse!
 

 

14. august 2002:
Ja gode medtipparar, og bidragsytarar til Asbjørn og underteikna sin alderdom! Vil med dette takka for medverknad i vm-tippen, og håpa de addle har hatt ein fin sommar.
Etter at den største skuffelsen over dette "Trønderfåret" som vann sist har lagt seg, går vi på med friskt mot igjen.
Vm-tippen hadde ei stor overrasking, og det var Loft,n.
Loft,n stod i mot allt press og imponerte oss i leiinga. Men diverre Loft,n, no er det tilbake til kvardagen og du vert også denne gangen rangert blant dei siste - Grunnen til dette er at han no i desse dagar driv og tek jaktprøven, og har kun fokus på den kommande "Tamelgjakta" i Telemark.
Det har og vore ein del tilbakemeldingar om formen på Vm-tippen - bl.a med at det vart så langt sprang mellom avgjerande spørsmål - dette drøfta vi her i sommar, og ved neste storturnering, vil dette verta mykje betre.

Neste veke vil eg presentera Diktet; "Ungkarstankar om halvnakne smårips". Eller kanskje eg heller skulle presentera diktet; "Tamelgjegerens vals". Dette vert igrunn opp til lesarane å bestemme. Tast 1 for det første og 2 for det andre!!!!

 

 

 


 

 

 

 

 

 



Overdommar The Cake!






©Copyright 2002-2018 – Lade & Bakkagrindi Ltd 
Webdesign henta frå:
Elated PageKits