Dette lurer vi på...
Startside Nyheiter Konkurranse / Resultatservice Diskusjonsforum Linkar Om selskapet


Vaktmester-frustrasjonar
Dette innlegget passar kanskje ikkje heilt inn i "Dette lurer vi på..." - konseptet, men dagleg leiar meinte likevel at det måtte vere med.

Her er kva han skriv: 

"Vår allers kjære vaktmester i Fagerheim allè 36 har hengt opp ein ny plakat..... 

Kanskje ikkje so mykje feilskriving denne gongen, men "mektig" språkbruk"

 

(3. november 2003)

 


Politiske frustrasjonar
Redaksjonen har motteke ein epost frå ein opprørt Oddgeir Hov der han ytrar seg om den politiske situasjonen i Sogndal:

"Korleis i svarte helvete er det muleg for eit tilsynelatande seriøst lokalparti, Senterpartiet, å gå til
eit parti med so til dei grader andre verdiar, FrP, berre for å få ordførarklubba i Sogndal kommune, når dei saman med Ap (som har stort sett dei same verdiane) kunne hatt klart fleirtal, berre for å få pyntekjedet, når attpåtil verken Ap eller Sp har nokon kandidat med erfaring???"

Ja, kva meiner lesarane våre om dette? Som alltid er det gjesteboka som er rette plassen for meiningsbryting.

(23. oktober 2003)

 

Velkommen til ny spalte
Velkommen til vår nye spalte "Dette lurer vi på..."
Bakgrunnen for spalta kan sporast tilbake til L&B-Gruppen sitt styremøte i Trondheim våren 2003, der Trainee Løland undrar seg over diverse trønderske ord og uttrykk. (Les referat frå styremøtet...)

Dagleg leiar A.Dale har sidan funne mange fleire ting å undre seg over i Trøndelag, ting han følte burde luftast i eit dertil eigna forum. Derfor har vi valt å opprette denne spalta. Her kan folk få snakke ut om ting eller underfundigheiter i kvardagen som dei ikkje finn ei fornuftig forklaring på. (NB! Gjeld ikkje berre ting som skjer i Trøndelag...). Har du noko du meiner bør inn i denne spalta, ikkje nøl med på skrive eit innlegg i gjesteboka eller skriv ein epost til asbdal@online.no!


Sidan dagleg leiar har vore ein av dei største pådrivarane for å få oppretta denne spalta, så er det vel naturleg at han får det første innlegget...

Denne plakaten er å sjå i oppgangen til Dagleg Leiar. For kvar gang han går forbi aukar frustrasjonen, for her er det eit eller anna som skurrar meiner han.. (Direktør-fruggu meiner derimot at denne setninga er heilt OK).

Men kva meiner du??

Skriv i gjesteboka!

(4. oktober 2003)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

 



 
Annonsére?
Me har noko reklameplass ledig, 
send epost til ledelsen på asbdal@online.no  
for meir informasjon.  





 

©Copyright 2002-2009 – Lade & Bakkagrindi Ltd 
Webdesign henta frå:
Elated PageKits