Nyheiter
Startside Nyheiter Konkurranse / Resultatservice Diskusjonsforum Linkar Om selskapet

Pål Ligård til topps i EM-Tippen 2021
Italia vinn EM og Pål Ligård vinn EM-Tippen 2021.
På dei neste plassane finn vi Ole-Martin Tvedt på andre, Einar Alsaker og Øyvind Torvund på delt tredje og Martin Haaskjold Inderhaug på femteplass.
Vi takkar alle deltakarane for innsatsen og ønskjer dei tilbake ved eit seinare høve

(12. juli 2021)

EM-Tippen 2021 i gang
Då er vi i gang med EM-Tippen 2021!
Denne gangen stiller 65 deltakarar til start. Dette betyr at 16250 kr skal fordelast mellom dei 5 beste: 1.plass: kr. 8125, 2.plass: kr. 3250, 3.plass: kr. 2437,50, 4.plass: kr. 1625 og 5.plass: kr. 812,50

Vi ønskjer alle tipparane lykke til!

(11. juni 2021)

EM-Tippen 2021!
11. juni startar fotball-EM og det betyr sjølvsagt ny tippekonkurranse frå Lade & Bakkagrindi Ltd.

EM-Tippen 2021 består av 66 spørsmål. Når det gjeld premieringa blir det som sist - dei 5 beste vert premiert etter fordelinga 50/20/15/10/5.

Me håpar flest mogleg melder seg på, og dersom du har vener og kjente du trur kan vere interessert, er det berre å invitere dei med!

Gå inn på konkurransesidene våre for meir info / påmelding.
(27. mai 2021)

Sondre Foldnes Hov til topps i VM-Tippen 2018!
Frankrike vann VM og Sondre Foldnes Hov vann VM-Tippen.Vi gratulerer!
På delt andreplass kom Espen Sætre og Ole-Martin Tvedt, på fjerde kom Selma S. Ligård og på femte og siste premievinnande plassering finn vi Ken Robert Andersen.
Vi takkar alle deltakarane for innsatsen og ønskjer dei tilbake ved eit seinare høve!

(15. juli 2018)

VM-Tippen 2018 i gang
Då er vi i gang med VM-Tippen 2018!
Denne gangen stiller heile 72 deltakarar til start. Dette er ny rekord med god margin. (Den gamle rekorden var på 58, frå EM-Tippen 2016) Dette betyr at  18000 kr skal fordelast mellom dei 5 beste: 1.plass: kr. 9000, 2.plass: kr. 3600, 3.plass: kr. 2700,
4.plass: kr. 1800 og 5.plass: kr.  900

Vi ønskjer alle tipparane lykke til!

(14. juni 2018)

VM-Tippen 2018!
14. juni startar fotball-VM i Russland og det betyr sjølvsagt ny tippekonkurranse frå Lade & Bakkagrindi Ltd.

VM-Tippen 2018 består av 80 spørsmål. Når det gjeld premieringa blir det denne gangen ei lita endring - dei 5 beste vert premiert etter fordelinga 50/20/15/10/5.

Me håpar flest mogleg melder seg på, og dersom du har vener og kjente du trur kan vere interessert, er det berre å invitere dei med!

Gå inn på konkurransesidene våre for meir info / påmelding.
(27. mai 2018)


Anders Abrahamsen vinn EM - Tippen 2016!

Det blei til sist Portugal som vann EM, noko ingen hadde sett føre seg, men bortsett frå det var det Anders Abrahamsen som hadde dei beste tipsa, og stakk av gårde med ein nokså klar siger i EM-tippen 2016. Vi gratulerer!

Randi Bruheim spurta veldig bra og kom inn på andreplass, 7 poeng bak Abrahamsen, medan Ferdinand Vetleseter kneip tredjeplassen med minste mulige margin til Odd Arne Tveito og Ken Robert Andersen.

Resultatliste:
1. Anders Abrahamsen (Premie: kr. 10150)
2. Randi Bruheim (Premie: kr. 2900)
3. Ferdinand Vetleseter (Premie: Kr 1450)

Vi takkar alle deltakarane for innsatsen og ønskjer dei tilbake ved eit seinare høve.
(11. juli 2016)


EM-Tippen 2016 i gang!
Då er vi i gang!
I år stiller 58 deltakarar til start. Dette er ny rekord, og medfører at det i tillegg til heder og ære venter heile 10150,- kr til bestemann, nr. 2 får 2900,- kr og nr 3. 1450,- kr.
Me ønskjer lykke til!
(10. juni 2016)
 

EM-Tippen 2016!
10. juni startar fotball-EM i Frankrike og det betyr sjølvsagt ny tippekonkurranse frå Lade & Bakkagrindi Ltd.

EM-Tippen 2016 består av 65 spørsmål. Når det gjeld premieringa blir det som sist ei 70/20/10 - fordeling mellom dei tre første plassane.

Me håpar flest mogleg melder seg på, og dersom du har vener og kjente du trur kan vere interessert, er det berre å invitere dei med!

Gå inn på konkurransesidene våre for meir info / påmelding.
(23. mai 2016)



Oddgeir Hov vinnar av VM - Tippen 2014!

Finalen i VM-Tippen 2014 blei like tett som finalen mellom Tyskland og Argentina, men til slutt gjekk Oddgeir Hov til topps, eitt poeng framfor vinnaren av VM-Tippen 2010, Nils Joachim Knagenhjelm.

Heile tre deltakarar delte tredjeplassen, desse var Ingvar Skaar, som lenge hadde leiinga, Frank Hofslundsengen og Dag Einar Steinsåker. Vi gratulerer!

Vi vil takke alle deltakarane for innsatsen og ønskjer dykk tilbake ved eit seinare høve. God sommar!
(14. juli 2014)


VM-Tippen 2014 i gang!

Då er vi klare til start i årets VM-tipp. I år har vi 55 deltakarar, noko som er ny rekord.
Det er dermed 13 750,- kr i potten.
Let the games begin!
(12. juni 2014)


VM-Tippen 2014!

Fotball-VM i Brasil nærmar seg og Lade & Bakkagrindi Ltd. er tradisjonen tru klar med ny tippekonkurranse.

VM-Tippen 2014 strekker seg frå 12. juni til 13. juli og består av nærmare 80 spørsmål. Nytt av året er at vi har endra på premieringa. I staden for at vinnaren stikk av med heile potten, blir det no ei 70/20/10 - fordeling mellom dei tre første plassane.

Me håpar som vanleg at flest mogeleg melder seg på, og dersom du har venner og kjente som du trur kan vere interessert er det berre å invitere dei med.

Gå inn på konkurransesidene våre for meir info / påmelding.
(22. mai 2014)


Rune Olstad vinnar av EM - Tippen 2012!
Ja, då er EM-Tippen 2012 over, og etter ein thriller-avslutning av dei sjeldne stakk til sist Rune Olstad av med sigeren. Han fekk 76 poeng, medan Ingvar Skaar, Bjarte Løland og Roar Skomakerstuen kom inn eitt poeng bak.
Olstad kan vente seg kr. 9750 inn på konto om ikkje mange dagane.
Me gratulerer!
Då takkar vi alle deltakarane for innsatsen denne gangen, og ønskjer dei tilbake ved eit seinare høve.
(1. juli 2012)


EM-Tippen 2012 i gang

Ja, då er EM-Tippen 2012 i gang. Vi har fått 39 innsendte svar, dermed er det 9750,- kr i potten til vinnaren. Flest har tru på Tyskland i år (19), deretter er det Nederland (10) og regjerande meistrar Spania (7) som har mest tillit. Frankrike, Italia og Russland har også alle fått 1 stemme kvar når det gjeld gullmedaljane. Vi ønskjer alle deltakarane lykke til i konkurransen!
(8. juni 2012)


EM-Tippen 2012!!

Fotball-EM 2012 nærmar seg og Lade & Bakkagrindi Ltd. er klar med ny tippekonkurranse - EM-Tippen 2012!!

EM-Tippen 2012 handlar naturleg nok om årets fotball-VM, og konkurransen strekker seg difor frå 8. juni til 1. juli. Me håpar som vanleg at flest mogeleg melder seg på, og dersom du har venner og kjente som du trur kan vere interessert er det berre å invitere dei med.

Gå inn på konkurransesidene våre for meir info / påmelding.
(19. mai 2012)


VM-Tippen 2010 avgjort

Ja, då var VM 2010 over og Spania vart verdensmeister. I VM-Tippen 2010 var det Nils Joachim Knagenhjelm som trekte det lengste strået og gjekk til topps med sine 105 poeng. Han får dermed 11000 blanke kroner inn på kontoen sin om kort tid. Me gratulerer! Vibeke Solsvik Foldnes og Asbjørn Dale delte andreplassen med sine 100 poeng. Alle dei tilsette i Lade & Bakkagrindi tek no som vanleg ein lang og velfortent pause fram til neste meisterskap.
(11. juli 2010)


VM-Tippen 2010 i gang

Då innleveringsfristen til VM-Tippen 2010 gjekk ut 10. juni kl 23.59 hadde me fått inn ikkje mindre enn 44 svar. Dette er ny deltakarrekord i LB Ltd si historie :-) Det betyr at potten det skal kjempast om er på 11000 kroner.

Av dei 44 har flesteparten (16 stk) tru på at regjerande EM – meister Spania tek sitt første verdsmeisterskap, medan 12 trur på stormakta Brasil. Men også England (7), Argentina (4), Nederland (3) og Tyskland (2) har sine tilhengarar.

Då gjenstår det berre for oss å ønskje alle deltakarane lykke til!
(11. juni 2010)


VM-Tippen 2010!!

Fotball-VM 2010 nærmar seg og Lade & Bakkagrindi Ltd. er klar med ny tippekonkurranse - VM-Tippen 2010!!

VM-Tippen 2010 handlar naturleg nok om årets fotball-VM, og konkurransen strekker seg difor frå 11. juni til 11. juli. Me håpar som vanleg at flest mogeleg melder seg på, og dersom du har venner og kjente som du trur kan vere interessert er det berre å invitere dei med.

Gå inn på konkurransesidene våre for meir info / påmelding.
(16. mai 2010)


EM-Tippen 2008 avgjort

Ja, då er EM 2008 over og Vibeke Solsvik Foldnes står att som suveren vinnar av EM-Tippen 2008! Ho kan vente seg 7750 kr inn på konto i løpet av kort tid. På andreplass kom Dag Loftesnes, medan tredjeplassen vart delt mellom Rune Olstad og Kristen Sollesnes. Me tek no ein velfortjent pause og satsar på å komme sterkt tilbake med ein ny konkurranse seinare.
Følg med på desse sidene for meir info!
(29. juni 2008)


EM-Tippen 2008 i gang

Ja, då er EM og EM-Tippen 2008 i gang! Då innleveringsfristen gjekk ut 6. juni kl. 2400 hadde 31 tipparar levert inn sine tips. Det betyr at premien det skal kjempast om er på kr. 7750,-
Me håpar det vert eit spanande EM og ønskjer alle tipparane lykke til!
(7. juni 2008)


EM-Tippen 2008!!

EM 2008 nærmar seg og Lade & Bakkagrindi Ltd. er klar med ny tippekonkurranse - EM-Tippen 2008!!

EM-Tippen 2008 handlar utelukkande om årets EM, og konkurransen strekker seg difor frå 7. til 29. juni. Me håpar som vanleg at flest mogeleg melder seg på, og dersom du har venner og kjente som du trur kan vere interessert er det berre å invitere dei med.

Gå inn på konkurransesidene våre for meir info / påmelding.
(3. mai 2008)


Roar Skomakerstuen til topps i VM-Tippen 2006!

Etter ein svært jamn og spanande innspurt vart det Roar Skomakerstuen som trekte det lengste strået og gjekk av med sigeren i VM-Tippen 2006, eitt poeng framfor Anne Farbu! Me gratulerer! 6500 kroner er på veg.
Rune Olstad som lenge låg i teten hamna til slutt på tredjeplass.
(10. juli 2006)


VM-Tippen 2006 i gang!

Ja, då er VM 2006 i gang!!
26 tipparar er påmeldt til årets tipp, og dei kjempar om heider og ære, og ikkje minst premien på kr. 6500,- 
Det blir nokre spennande veker framover, og vi vil ynskje alle deltakarane lykke til i konkurransen!
(9. juni 2006)


VM-Tippen 2006!!

VM 2006 nærmar seg og Lade & Bakkagrindi Ltd. er klar med ny tippekonkurranse!! 

VM-Tippen 2006 handlar utelukkande  om årets VM, og konkurransen strekker seg difor fram til 9. juli. Me håpar som vanleg at flest mogeleg melder seg på, og dersom du har venner og kjente som du trur kan vere interessert er det berre å invitere dei med.

På grunn av at Leiinga er inne i ein svært travel periode som i hovedsak skuldast ledelseutvikling, branding og kompetansebygging har vi også denne gang valgt å outsource utforminga av spørsmåla. Som i fjor er det også i år Ingvar Skaar som har fått det ærerike oppdraget. Påmeldingsfrist: Torsdag 8. juni kl. 2400.

Lade & Bakkagrindi Ltd tek i motsetning til andre tippeselskap ikkje provisjon/adm.gebyr. Heile premiepotten blir utbetalt til vinnaren.

Gå inn på konkurransesidene våre for meir info / påmelding.
(17. mai 2006)


LB-Tippen 2005 avgjort!

LB - Tippen 2005 er no avgjort og det vart svært overraskande trønderveikja Rita Gjersvold som gjekk av med sigeren. Lade & Bakkagrindi Ltd gratulerer! På dei neste plassane kom Frank Hofslundsengen og Bjarte Løland. 
Me tek no ein velfortjent pause og satsar på å komme sterkt tilbake med ein ny konkurranse ifm VM 2006. 
Følg med på desse sidene for meir info! 
(5. november 2005)


LB-Tippen 2005 i gang!

Ja, då er konkurransen i gang. Dessverre blei det ikkje meir enn 9 deltakarar denne gangen, men det positive med det er at sjansen for at nettopp DU skal vinne blir større. Følg med i utviklinga i vår resultatservice.
(14. juni 2005)


LB-Tippen 2005!!

Etter lang tid med venting er endeleg LB klar med ny tippekonkurranse!! 

Som tidlegare er konkurransen delt inn i 3 deloppgåver + totalt. Premiepotten fordeles 10/10/10/70. Me håpar som vanleg at flest mogleg deltek, og dersom du har kollegar som ynskjer å delta er det fullt mogleg å invitere dei. Eller gjer som Enten - lever inn to forslag!

Elles kan det nevnast at nytt av årets tippekonkuranse er at Ingvar Skaar (forrige vinnar) står for utforming av spørsmåla (men med streng sensur frå LB). Me vurderar dette som ein fast gest til framtidige vinnara.

Gå inn på konkurransesidene våre for meir info / påmelding.
(2. juni 2005)


Ny lookalike!

Oppdateringsfrekvensen på lookalikar har vore svært låg dei siste månadene, men her er endeleg ein ny ein. Forslaget til denne kjem frå sjølvaste Dagleg Leiar Ass'n. Sjå kven på "lookalike"-sida....
(7. november 2004)


Ingvar Skaar til topps i MAX-Tippen 2004!

Det vart ein dramatisk avslutning av årets konkurranse. Ellen Marie Kuraas Langen, som har lege i tet under det meste av konkurransen, sprakk totalt på oppløpet og vart passert av Ingvar Skaar som hadde ein kjempeinnspurt. På tredje plass kom Wenke Molland som sikra seg plasseringa i siste runde etter å ha tippa Brann som cup-mester. 

Verdt å nemne er også Iris Wehn som etter å ha befunne seg på nedre del av resultatlista gjennom store delar av tevlinga hadde ein knallsterk avslutning og tok sigeren i tredje deloppgåve. På dei neste plassane her kom Ingvar Skaar og Asbjørn Dale. 

Lade & Bakkagrindi Ltd. gratulerer alle vinnarane! Pengane er på veg! 

Me sender og ei takk til alle våre sponsorar, og då spesielt Ruteinfo Norge. Utan deira innsats og ressursar hadde ikkje dette vore mogeleg å gjennomføre. Alle dei tilsette i LB-Gruppen tek seg no ein velfortent luksusferie, sjølvsagt i regi av Ruteinfo Norge. 

Ja, då takkar me for denne gang, men me ønskjer gamle og nye deltakar velkommen til ny konkurranse over nyttår! 

(7. november 2004)


Andre deloppgåve avgjort

Andre deloppgåve blei vunne av Tore S. med 29 poeng framfor Ingvar Skaar med 26 og Helge Mjølnerød med 25. Samanlagt aukar Ellen Marie Kuraas Langen ledelsen og har no 55 poeng, framfor Wenke Molland med 50 poeng og  Roger H og Tore S, begge med 45 poeng. 
(27. september 2004)


Første deloppgåve avgjort

Første deloppgåve er no avslutta og Wenke Molland gjekk til topps med 33 poeng. På ein sterk andreplass kom Ellen Marie Kuraas Langen med 31 poeng, medan Roger Hegglund med sine 25 poeng kom på tredje.
Vi gratulerer og ønskjer alle saman lykke til vidare i konkurransen!
(25. juli 2004)


Konkurransen i gang

MAX - Tippen 2004 er no i full gang. Les meir / følg med på resultatlista på Konkurranse-sidene våre
(17. juni 2004)


Korreksjon

Det hadde dessverre sneke seg inn ein liten feil i spørsmålsstillinga i MAX-Tippen spm. 38, ang. dei 3 siste plasseringane i Tippeligaen. Nummereringa skal sjølsagt vere 12., 13. og 14. plass. Rett versjon kan lastast ned frå Konkurranse-sidene våre
(28. mai 2004)


MAX - Tippen 2004!

MIX - Tippen er nyleg avslutta, og no er det MAX - Tippen som gjeld. Konkurransen vil pågå gjennom sommaren og høsten og vil i hovudsak dreia seg om Tippeligaen, men også ein del EM sluttspel + VM kvalikkamper der Noreg spelar. Les meir om konkurransen / meld deg på...
(26. mai 2004)


Ny konkurranse på gang!

LB Ltd driv i desse dagar å lager ny konkurranse for sumaren og hausten! Me kan røpa sopass at det vil dreia seg mykje om Fotball-EM og Tippeligaen. Følg med på desse sidene framover!
(21. mai 2004)


Mix - Tippen 2004 avgjort!

Då var nok ein tippekonkurranse i regi Lade og Bakkagrindi Ltd ferdig! Som vanleg var det hard konkurranse til siste spark, noko som tyder på at våre 3 valspråk til fulle vart avgjerande: "Kompetanse, kompetanse og kompetanse"!

Vinnarane Mix -Tippen 2004 fordelte seg slik: 

Vinnar Totalkonkuranse (70 %): Helge Mjølnerød kr. 5250,- 
Vinnar Deloppgåve 1 (10%): Roar Skomakerstuen Kr 750,- 
Vinnar Deloppgåve 2 (10%): Asbjørn Dale Kr. 750,- 
Vinnar Deloppgåve 3 (10%): Dag Loftesnes/Helge Mjølnerød/Trond Lyslo Kr 250,- pr stk. 

Sitat fra vinneren; 
- "Litt kjedelig i år, da det ikke var noen outsidere som klarte å ta favoritten.
The Cake kommer vel gående til Trondheim." 


- "Så lenge vi snakker om en kunnskapskonkurranse tror jeg det er lenge til vi ser en endring på dette." 


Fra Daglig Leiar: 
- "Hegmoniet har flyttet seg fra sogn til trøndelag. Er det en trend eller tilfeldighet?" 


Vel….vel……..ein lyt høyra mykje……. 

LB Ltd gratulerar so mykje! 

(21. mai 2004)


Lookalike andre kvartal '04

Etter mykje masing frå Ent'n er vi no klar med ny lookalike. Det er likevel ikkje eit av hans forslag som har komme  med denne gangen, men du kan ta med ro Ent'n, forslaga dine vert notert ned for seinare bruk. 
Gå til "lookalike"-sida....
(7. mai 2004)


Endeleg ny lookalike!

Vi har vore sløve med oppdateringar av lookalike i det siste, men no kjem endeleg noko nytt. Forslaget til denne lookaliken vart sendt inn av Entn i fjor sommar. Gå til "lookalike"-sida....
(12. februar 2004)


Konkurransen i gang

MIX-Tippen 2004 er no i gang, og i denne konkurransen er det med ca. 30 deltakarar.
Følg med i vår alltid oppdaterte resultatservice....
(9. januar 2004)


Velkommen til MIX-Tippen 2004!

No er det endeleg klart for neste tippekonkuranse hos Lade & Bakkagrindi Ltd.

I Mix-Tippen er det lagt opp til premiering av 3 deloppgåver + den som vinn Totalt.
Deloppgåve 1 Totaltippen er spørsmål som gjeld gjennom heile konkurransen.
Deloppgåve 2 er spørsmål som gjeld runde for runde.
Deloppgåve 3 er spørsmål fra UEFA/Champions League.
Totalt blir den som får mest i Alle deloppgåvene tilsammen.

Leiinga i LB-Gruppen m/medhjelpara (SWB & SSC) vil ynskja alle spelarane lukke til og ei retteleg god Julefeiring. Mix-Tippen kan jo vera ein glimmrande moglegheit i eit trått og kakerusande familieselskap til å kåra kven som blir den beste tipparen i familien?? Som vanleg er det fritt for å invitera med seg ein kompis/slektning eller fleire.

Har du spørsmå til konkuransen, eller får problem med registrering, held som vanlig SWB supportlinjene åpne heilt fram til oppstart. Bjarte er å treffa på mobil 95 70 95 77, og du kan ringa til alle døgnets tider!
Les meir om konkurransen / meld deg på...
(13. desember 2003)


Ny tipp frå nyttår!

Leiinga driv i desse dager og lagar ny tipp som vil vera klar medio desember. Denne gangen vil i hovedsak Premier League vera tema, men også med innslag frå UEFA Cup / Champions League. Innleveringsfristen er satt til ca 01.01.2004 med første runde den 06.01.2004. Av nye ting denne gangen kan nemnast at det blir innført deloppgåver med eigne premiar i tillegg til totalvinnaren.
(27. november 2003)


Lookalike november - desember!

På tide med ny lookalike, og denne gangen har vi fått tilsendt eit forslag frå Ent'n. Han meiner det er stor likheit mellom sjølvaste dagleg leiar i LB-Gruppen, Asbjørn "Ass'n" Dale, og Tottenham-spelar (tidligare Chelsea) Gus Poyet. Sjå her og døm sjølv.
(25. november 2003)


Velkommen til nytt diskusjonsforum

Det er med stoltheit vi kan ønskje deg velkommen til vårt nye diskusjonsforum. Årsaka til at vi no går over til eit nytt system er at gjesteboka i den forma den har hatt til no er fullstendig sprengt. Med det nye systemet er det vorte mulig å dele opp debatten i fleire "trådar" slik at det heile forhåpentlegvis blir meir oversiktleg, samt at ein slepp den konflikten som til dels har vore mellom dei fotballinteresserte og diktarane.
Gå til diskusjonsforumet...
(16. november 2003)


Torbjørn Menes til topps!

Leiinga i LB Gruppen har den store gleda av å utrope Torbjørn Menes som vinnar av TL-Tippen 2003! Etter ein noko famlande start, der dei fleste nok trudde at Menesguten var ute av tetbildet, slo han hardt tilbake og henta utrulege 22 poeng på siste runden! Det avgjerande var Stabæk sin 3. plass, som han var åleine om å tru. GODT TRUDD MENES! 

Elles vil me i leiinga sei at dette kanskje har vore den beste "Tippen" i historia. Over 30 deltakara og ein jevn og hard konkuranse der faktisk 10 personar var inne i tetkampen heilt til slutt. Svært overraskande er det og å sjå at ei dame - "Tippe-Tove" henta inn ein fin bronseplass. Noko til ettertanke for dei 27 andre mannlege fotallvitare...... Men den desidert største overraskinga er nok andreplassen til Bjarte Løland! At Lavikfolk syslar med andre ting en ferjetider og hysefisking er no verklege stadfesta! Det går faktisk rykte om at Løland har opptak av alle tippekampar på NRK frå 1973 og fram til idag. Absolutt ein kandidat å ta alvorleg i framtidige konkurransar.

Leiinga har og planar om ei ny tevling frå nyttår, og håper so klart flest mogleg ynskjer å delta. Til slutt har årets vinnar bedt om å få seie noko ord:

"Eg er overvelda!
Ikkje berre fordi kontoen min vaks monaleg, eller at eg kom frå ein 8. plass før siste runde og passert mållinja fyrst.
Nei, mest av alt fordi eg vann i 2000, og no vinn att i 2003, mens det finst folk der ute som prøver og prøver og aldri når opp (takk for pengane Dykkar anyway)
Eg vinn aldri på loddsal o.l Så det kan ikkje vera snakk om flaks. Det er etter alle solemerker dyktigheit, eller kanskje udyktigheit? Eller er det ei kombinasjon av desse. Er det verkeleg 31 udyktige motstandarar, mens eg er på det jamne? 31 udyktig, nei eg velger å lande på mi eiga dyktigheit, og det kjennest godt. Eg finn inga anna forklaring på min sigersparade dei siste åra enn mi eiga dyktigheit. Nok om desse beskjedne betraktningane.

(3. november 2003)


Innlegg i "Dette lurer vi på..."

Redaksjonen har motteke ein epost frå ein opprørt Oddgeir Hov der han ytrar seg om den politiske situasjonen i Sogndal. Les meir...
(23. oktober 2003)


NY SPALTE!

I vår nye spalte "Dette lurer vi på..." skal vi ta opp ting vi undrar oss over i kvardagen.
Gå til "Dette lurer vi på..."
(4. oktober 2003)


Lookalike oktober!

Endeleg er vi klar med ny lookalike, og denne gangen har vi brukt eit forslag innsendt av Morten Timberlid. Sjå her for å finne ut kven han føreslo.
(4. oktober 2003)


Lookalike august!

Så var lookaliken for august klar. For første gang er det ein ikkje-sogning vi har funne ein lookalike til. Sjå her for å finne ut kven.
(13. august 2003)


Vi gratulerer!

Torbjørn Menes har blitt far til ei lita jente. Lade & Bakkagrindi Ltd. gratulerer så mykje! I den anledning har vi lagt ut ei avstemming på framsida der du kan vere med på å bestemme kva barnet bør heite.
(18. juli 2003)


Lookalike juli + nytt Corner

Sjekk lookalike for juli. I Cake's Corner får vi høyre om to store hendingar dei siste vekene.
(2. juli 2003)


Oppdatering Cake's Corner

I sitt nyaste corner er overdommar Olstad i det filosofiske hjørnet. Les meir...
(11. juni 2003)


Lookalike juni

Vi hadde dessverre ingen lookalike for mai, men no er vi tilbake! Takk til Torbjørn Menes for forslaget. Sjå kven han foreslo!
(1. juni 2003)


TL - Tippen 2003 er i gang!

Leiinga vil med desse orda erklæra TL-Tippen 2003 for åpna! 
I år som i fjor er det ein del gamle travara med i konkuransen, og me er sjølvsagt glade for å ha ein fast stamme som alltid bidreg til knivskarp konkurranse til siste slutt.
Me har og med ein del debutantar denne gongen, og sjølv om det skal mykje til at dei når heilt opp dei første åra, ser leiinga svært positivt på at Lade & Bakkagrindi Ltd aukar i omfang og deltaking.
Oppfordrar alle til å bidra med ytringar og debatt i gjesteboka. Ser debatten er godt igang allereie, og at Grinden har fått ein betydeleg tilhengarskare for sine dikt. Me kan ellers røpa at Grinden kjem til å publisera heilt nye og ferske dikt på desse sidene FØR dei kjem i bokhandelen - eit scope av L & B Ltd!
Då vil me i leiinga ynskja alle spelarane lukke til, og håpar det blir ein artig og fair-spela konkurranse til siste spark på baddlen utpao hausten!
Me vil vera forsiktig med å spå nokon vinnar, men me trur vel ganske bestemt at vinnaren heller ikkje i år elskar karsk og lodne overleppar.
Meir om konkurransen / resultatservice!
(28. mai 2003)


Spesial-corner / reisereportasje frå Trondheim

Overdommaren har vore på styremøte i LB-Gruppen i Trondheim. Her hadde han så mange opplevingar at han måtte skrive eit spesial-corner / reisereportasje etter turen. Vi har valgt å legge dette corneret ut på ei eiga side. Les meir...
(21. mai 2003)


Nytt "Kårner"!

Det er lenge sidan vi har høyrt frå overdommaren no, men ifm ny konkurranse er han tilbake og i storslag! Les hans betraktningar om TL-Tippen, favorittar, bunnskiktet osv. I tillegg ein aldri så liten verdspremiere på eit nytt dikt. Alt dette finn du i Cakes Corner.
(8. mai 2003)


TL - Tippen 2003

Etter nokre månaders pause er vi no tilbake for fullt med ny konkurranse, TL - Tippen 2003. Som namnet tilseier handlar dei fleste spørsmåla om Tippeligaen 2003, men i tillegg er det også nokre spm ang. EM-kvaliken. 
Første runde startar 28. og 29. mai, og held fram til sesongslutt. Det har aldri tidlegare våre mogleg å få fleire poeng i Lade & Bakkagrindi Ltd si tippehistorie, so den som blir vinnar denne gongen, kan absolutt rekna seg sjølv som ein habil fotballvitar! 
Som vanleg blir det full resultatservice på desse sidene etter kvar runde. Dersom du kjenner nokon som du trur har lyst å delta er det fullt lovleg å invitera vedkommande med. Me håpar på rekorddeltaking og at vinnaren dermed kan innkassera 5000,-+ i lomma. 
NB! Tippefrist er satt til tirsdag 27.05.
Les meir om konkurransen / meld deg på!

(8. mai 2003)


Lookalike april!

Ny lookalike for april er lagt ut. Denne gangen er det Menes som skal i ilden igjen... Klikk her!
(5. april 2003)


Lookalike mars!

Ny lookalike for mars er klar, og heller ikkje denne gangen går det utover Loften Sjå her!
(11. mars 2003)


Høyr intervju med Brynjulf Grinden!

Vi har no fått tak i lydopptaket frå Brynjulf Grinden sin opptreden i NRK Sogn og Fjordane 14. januar.
Høyr kva han sa i intervjuet (Du treng treng Windows Media Player for å kunne spele av lydfilen) 
(11. mars 2003)


Lookalike februar!

Ny lookalike er klar, og denne gang er det IKKJE ein Loft-lookalike! Sjå her for å finne ut kven!
(12. februar 2003)


Forfattar Grinden er vorten kjendis!

Brynjulf Grinden si boklansering vart som kjent ein stor suksess. Dette er noko media i fylket har fått snusen i, og Grinden alias R.Olstad er blitt intervjua både i NRK Sogn & Fjordane og i Sogn Avis. 
Les intervjuet i Sogn Avis 18. januar
(PDF-format. NB! Filen er stor og kan ta litt tid å laste ned)
(10. februar 2003)


Lookalike!

Ny lookalike (Loft-lookalike altså) Sjå her!
(5. januar 2003)


Forfremmelsar.

Etter eit års prøveperiode har leiinga bestemt seg for at det er på tide med ein forfremmelse  for våre glimrande trainees Løland & Bjørgum. Dei har så absolutt levd opp til det presset som kvilte på deiras skuldra gjennom heile året. Våre sider har hatt ein oppetid på ca 99,98 % og statistikken har vært oppdatert minutter etter siste spark på ballen i kvar runde. Ein stor takk til våre trainees!! Frå og med 01.01.2003 er difor følgande forfremmelsar vedteke:
Trainee Løland - Senior Web Director
Trainee Bjørgum - Senior Statistic and Controller
Me i Leiinga gratulerar!
(4. jan 2003)


Vinnaren PL-Tippen 2002 er kåra!

Leiinga ynskjer å gratulera Trond Lyslo som vinner av PL-Tippen 2002! Det blei ein spanande innspurt, der The Loft faktisk var heilt "inne" til siste slutt, før han som vanleg blei ute. Ellers vant Sogn & Fjordane fylkeskampen utan at det var noko særleg overraskande.

Overdommar The Cake held som vanleg ord, og kjem til å gå frå Støren til Trondheim i løpet av sommaren fordi Ellen slo han i konkurransen (les gjestebok) Trainee Løland er backup med følgjebil. Oppfordrar alle til å ta vel imot han på Trondheim Torg når den tida kjem.

Ellers vil me takka alle som har bidrege med konstruktive innspel og deltaking i Tippen. Takkar og våre sponsorar, og då spesielt Ruteinfo Norge! Nye konkuransar er på gang, og me håpar at sjølv om du ikkje nådde heilt opp denne gangen, også blir med ved ein seinare anledning. Dersom de har tips til forbetringar, skriv eit innlegg i gjesteboka!
(4. jan 2003)


Avklaring siste omgang!

Pga. utsett kamp, Fulham - West Bromwich, vil ikkje denne kampen telja med i siste spørsmål i PL-Tippen. Det vil likevel vere mogeleg å oppnå  bonuspoeng på dette spørsmålet. Overdommar Cake.
(1. jan 2003)


Årets julegåve??

L & B Ltd. startar opp eige forlag. Vår første utgivelse er "Uortodoksiske ungkarstankar" av diktaren Brynjulf Grinden. Les meir...
(14. desember 2002)


Ny sponsor!

Etter lange og harde forhandlingar er det med stor glede me no kan presentere vår nye sponsor; PGP Premiehuset. Som namnet kanskje røpar vil PGP bl.a bidra med premien til vinnaren av PL-Tippen. Det at me no har fått ein sponsor ekstra i tillegg til Ruteinfo Norge, betyr at Lade & Bakkagrindi Ltd. får tilført større ressursar  til å utvikle tenestespekteret framover. Me går med andre ord ei spanande tid i møte!
(6. desember 2002)


Førjulscorner

Den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves. Endeleg lar Overdommaren høyre frå seg att. Les meir i Cakes Corner.
(5. desembe 2002)


Lookalike!

Ja, då var det desember og på tide med ny lookalike. Kven liknar på Loften denne gang? Sjå her!
(2. desember 2002)


Linkoppdateringar

Det er lagt inn ein del nye linkar. Gå til linksida.
(30. november 2002)


Nytt "Kårner"!

Innlegg frå overdommar Olstad i Cakes Corner.
(8. november 2002)


Ny look-alike for november!

Look-alike for november er klar. Å jada, det er sjølvsagt ein Loften-lookalike no også! Sjekk kven!
(3. november 2002)


Storkamp på Fosshaugane

Ja då var kampen mellom Sogndal og Rosenborg over. Med heile leiinga i L & B tilstades på tribunen (mange av deltakarane i årets PL-Tipp var der også) utvikla dette seg etterkvart til ein kamp som sette sinna i kok hjå begge lag, ikkje minst hos trenar Eggen. Dette er sjølvsagt noko The Cake ikkje kan la vere å kommentere, og i denne utgåva av Corneret møter vi ein usedvanleg krass overdommar.  Les meir i Cakes Corner.
(21. oktober 2002)


Endeleg ny "Corner"!

Det har vore heller stille frå Olstad ei tid no. Dette skuldast ifølge han sjøl mykje overtidsarbeid, og slikt tek på ein gammal ungkar. Men no har han klart å mobilisere krefter til eit nytt innlegg. Les meir i Cakes Corner.
(9. oktober 2002)


Ny look-alike!

Look-alike for oktober er klar. Det er vel ingen bombe når vi avslører at det nok ein gang er ein Loften-lookalike vi har funne :-) Sjekk kven!
(8. oktober 2002)


Nytt innlegg frå overdommar Olstad
Nytt glimrande innlegg frå vår eminente skribent og overdommar! Les meir i Cakes Corner.
(27. september 2002)


Oppdatering Cakes Corner

Olstad med nye betraktningar rundt Rosenborg, poker, årets julefeiring med meir. Les meir i Cakes Corner.
(19. september 2002)


Overdommaren fornektar seg ikkje

Onkel Reisande Mac med nye reiseskildringar og diverse. Ein kan vel snart lure på om han har gjort anna enn å henge rundt på dei greske intenett-kafeane.... Les meir i Cakes Corner.
(10. september 2002) 


Oppdateringar Cakes Corner og Portrett-intervjuet

Overdommaren er for tida på Kreta. Les det spanande reisebrevet hans i Cakes Corner. Vi har endeleg fått ein eksklusiv samtale med Ent'n, les meir under Portrett-intervjuet!
(9. september 2002)


Ny teneste!

No får lesarane sjansen til å seie kva dei meiner om ulike meir eller mindre viktige spørsmål. Første spørsmål vart naturligvis om du trur The Cake må gå til Trondheim neste sommar eller ikkje. NB! Det er lagt inn sperre slik at du ikkje kan stemme fleire gangar etter kvarandre. Du finn avstemminga på framsida.
(4. september 2002)


Nytt dikt frå Overdommaren

Ja, The Cake sviktar ikkje! Les det nye diktet, "Ungkarstankar omkring lettkledde smårips", i hans eiga spalte Cakes Corner!
(30. august 2002)


SMS-varsling!

Me introduserer no muligheit for at du kan få SMS-varsling med info fra siste runde, eller anna viktig info. Vi kjem til å sende ut SMS etter neste runde (fredag), og dei som ikkje ønsker å få tilsendt SMS kan besvare med meldinga STOPP. Skulle du ikkje motta SMS kan det vera pga at me ikkje har det rette nummeret ditt. Send da ein mail til oss slik at me får retta det opp. Du kan sjekke om du er registrert med rett tlfnummer under Resultatservice (Under Deltakere).
(20. august 2002)



Fylkeskonkurranse!

Følg med i fylkeskampen mellom Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag m/Omegn. Vi har laga eit nytt felt i reknearket (øverst) som viser snittscoren for dei respektive fylka.
(Gå til Resultatservice)
(20. august 2002)


Innlegg frå overdommar The Cake

Etter ein lang og velfortent sommarferie er no overdommaren på ny klar til dyst. Les hans oppsummering av VM-Tippen 2002, samt kva forventningar han har til den foreståande PL-Tippen.
(les meir...)
(14. august 2002)


Nye tenester!
Vi lanserer no to nye tenester: Ein nyheitsticker med dei siste PL - nyheitene DIREKTE frå England, samt Livescore der du kan får løpande oppdateringar av utviklinga i kampane!
(21. juli 2002)


Utdjuping
spelereglar!!!
Det har vore litt uklarheiter kring PL -Tippen, og vi vil difor komme med ei utdjuping av reglane. (les meir...)
(18. juli 2002)


Nye spalter!

Vi har no gleden av å presentere to nye spalter på sidene våre:
- Portrett-intervjuet (bli bedre kjent med dei ulike deltakarane i PL - Tippen)
- Månadens "Look alike"
(18. juli 2002)


Premier League - Tippen 2002
Etter den store suksessen med VM-tippen 2002 og etter endelause oppfordringar fra tipparane, fortsetter Lade & Bakkagrindi Ltd med Premier Leauge Tippen 2002. Konkurransen går frå første avspark den 17.august fram t.o.m 1. januar 2003. 
Me har også denne gangen eiga heimeside (Nytt design!) der du kan lesa om historikk/anna lesestoff, konkuransen, gjestebok, og sist men ikkjeminst løpande oppdatering av resultatservice og tendensar! 
(Gå til konkurranse-sidene)
(16. juli 2002)


Nye websider
Det er med glede og stor spenning me ynskjer deltakarane velkommen til våre nye websider. Krava for å vera eit attraktiv oddsselskap, og konkurransen om kundane medførte at me måtte engasjere sponsorar og ansatte trainees for at me skulle kunne driva vidare! På desse sidene kan du lesa om alt frå oppdatert tippeservice  til historien bak selskapet. Det vil i tida framover komme mykje nytt å velga i, til dømes vekas "Look Alike", Cake's Corner, portrettintervju m.m!!! Sidene er ikkje heilt ferdige enno, so det vil koma meir og meir stoff etterkvart.
Me vil retta ein ekstra stor takk til Ruteinfo Norge for deira velvillige sponsorkroner og støtte. Utan dei kunne ikkje prosjektet vore realisert! Me vil og rette ein takk til Per Boasson og hans selskap Ventor, for deira tru på Ruteinfo Norge. At Ruteinfo i dag blir besøkt av 180.000 i mnd er det mykje å takka Per for! (les meir…)
(13. juli 2002)

 

 

 

 

 

 


 

 

 



 
Annonsére?
Me har noko reklameplass ledig, 
send epost til leiinga på vetledalen@gmail.com for 
meir informasjon.  





©Copyright 2002-2018 – Lade & Bakkagrindi Ltd 
Webdesign henta frå:
Elated PageKits