Portrett-intervjuet
Startside Nyheiter Konkurranse / Resultatservice Diskusjonsforum Linkar Om selskapet

Portrett-intervjuet

Nummer to i vår portrett - serie er Ent'n (også kalla Nils Johan Sleppen).

  • Du sto over VM -Tippen i år, nokon spesiell grunn til da?

    -
    Under nesten heile VM var eg på husmannsplassen Veali og kløyvde ved. Husmannen, Jan Lukas Veali, hadde hogge bjørkaved i heile vinter, so eg hadde nok å gjera. Veali ligg noko ulendt til, og dei har m.a. ikkje innlagt elektrisitet. Hadde med meg ein Sølvsuper reiseradio, men det var ikkje all verden.
    So eg fann det best å ikkje delta på VM-tippen denne gong. Sjansane hadde uansett vore store for siger, då eg veit alt, eg seier alt, om VM. Som ein test til deltakarane: Kor mange frispark var det i kampen Portugal – Nord-Korea under VM i England i 1966? Slike ting sit klistra hjå meg. Har statistikk av absolutt alt!


  • Det var og som du sikkert veit, ganske store overraskelsar i VM-Tippen med bl.anna ein trønder som vinnar, og Loften heilt oppe på ein andre plass! Har du gjort deg refleksjona over korleis dette eigentleg kunne skje??

    - For å gjera det heilt klart: Trøndar på første plass denne gongen? Narr meg ikkje til å le. Var på ferie oppe i Meråker no i sommar. Der hadde dei ikkje høyrt om Carlton Cole ein gong! Det var heilt klart ein del tur med inne i biletet at Jørgen kunne vinna VM-Tippen. Veit han noko om fotball i det heile?
    Loftn ja. Grei kar han. At han kom på ein andreplass på VM-tippen kom ikkje som nokon overrasking på meg. Loftn har vore ung og lovande lenge, so det var eigentleg på tide at talentet slo ut i full blomst! I lag med meg sjølv er den gode Loft ein klar favoritt til å vinna årets PL-Tipp.


  • Kva trur du om dine eigne sjansar i årets PL-tipp, og kven trur du blir hardaste konkurent??

    - Sjå 2.


  • Du har hatt ein aktiv og stor karriere som fotballspelar, nokon spesielle oppturar/nedturar du vil fortelja tipparane i PL-Tippen om?

    - Fotballkarrieren var som de seier stor, men ikkje særleg lang. I ein alder av 22 (1980) vart eg tackla på trening av ein viss Torjer Halle. Tacklinga var på ingen måte stygg – men kneet vart aldri det same etter møtet med knottane til Halle. Men helga før hadde eg den store æra å vera den første målscoraren for Kaupanger i ein offisiell seriekamp. Me slo Norane 2-1 heime på Sahara. Einar Dalaker heada inn det andre etter eit knallhardt innlegg frå venstrekanten frå kampens store spelar.
    Eit av dei andre høgdepunkta var då eg scora mitt første mål i Porsmyri Cup. Det var stas! 


  • Trur du Lade & Bakkagrindi Ltd vil kunna ta opp konkuransen med dei andre store tippeselskapa?
     
    - Heilt klart. L&B Ltd. har eit potensiale som ingen enno heilt veit om. De kjem heilt sikkert i framtida til å tevla med dei fremste. Marknaden er steintøff, men med slike sagnomsuste personar de har i leiinga, kjem de garantert til å hevda dykk. Største utfordraren i so måte vert nok australske Centerbet, tyske Kampfschwindeln, engelske Beth og det nyoppretta jakt- og bettingselskapet Hungerhaug Tipp Vilt.


  • Beste medspelar?

    - Helge Strypet på smågutelaget, heilt klart. Helge og eg hadde eit slikt samspel at det skremde dei fleste. Av andre kan eg nemna Ray Wilkins (då eg var på prøvespel i England) og sist men ikkje minst Jørn Oskar Engebø på Sahara Young Boys.

     

  • Verste motspelar?

    - Jomar Haukås på trening som aldersbestemd. Jomar skjerma ballen utruleg godt, og ein gong skjerma han ballen so godt at det var ingen som fann den att. I tida mi på prøvespel i England må eg nok nemna Gordon Strachan i ein testkamp -same type som Jomar. Heilt umogeleg å komma innpå. Men kanskje den verste er Gunstein Lund – har brote ribbein på meg to gonger i løpet av ein sesong (i fjor).


  • Favorittdrikk? 

    - Heimabrygget til Conroy. Å nyta det i lystig lag Øve Grindi– kan ein ha det betre?


  • Favorittmat? 

    - Som alle med tilhøyrigheit på Skogen (eg er so heldige at eg er halv skoging) må svaret bli fleskasaus. Ingen over, ingen på sida. Trast bak kjem frukosten hjå Cake andre juledag.


  • Ellers noko du vil seie, apell til andre tippara?

    - Bett og vinn med same sinn! Eg ynskjer alle medbettarar lukke til! Men det har lite føre seg. Entn vinn eg, elde so vinn Loftn!!


(Lagt ut 9.september)

 

 



Tidlegare portrett-intervju:

 

Førstemann ut i vår portrett - serie var Torbjørn Menes. (18. juli 2002)

  • Du har vore med i nesten alle Lade & Bakkagrindi Ltd sine
    tippekonkuransar, men i VM-Tippen 2002 gjekk det vel ikkje so bra?

    -Nei, det har du nok rett i. I etterpåklokskapens teikn ser eg at det
    var flerire grunnar til det. Det gjekk ikkje på riksdekkande tv.
    Resultatet av det er i ytterste konsekvens at fotballen sparkar krok på
    seg sjølv(interessa minkar). Dette senka då mi eiga interesse for VM og
    slik graden av grandsem i svaret.

  • At største konkurent Loften slo deg var vel ikkje venta?

    -Kva kan eg sei anna enn at lottotipparar og vinn sjølv om det ikkje
    kan seiast at dei vinn pga. dugleik med tal. 

  • Korleis trur du det kjem til å gå med deg i Premier Leauge tippen
    2002?

    -Største utfordringa er som vanleg å hugsa å levera i tide. Om eg
    skulle klara den oppgåva går eg såklart for siger. Hederleg omtale er
    lite interresant.

  • Hvis du vinne, kva skal du då bruka peingane til?

    -Bortsett på å spandera nokre brune på Loften som plaster på såret som
    aldri gror, veit eg ikkje. Traktorsafarie på Røros kanskje? 

  • Kva meinar du om at ein trønder stakk avgårde med gevinsten forrige
    gang? 

    -Ref. fyrst til tidl. svar om lotto og greier. Ellers kan det kanskje
    for dei vera ei fattig trøst sidan det går så dårleg med
    geriatrikameratane(les RBK) 

  • Favorittmat?

    -Bløtkake
     

  • Favoritt drikke? 

    -Vanskeleg å svara på. Kvar til sitt bruk. Eg er glad i vatn, men litt
    lunka Smirnoff til bløtkaka er vel ikkje å forakta ein Sundagsmorgon.

  • Største opptur? 

    -Å bli invitert gratis til VM i 98 av forretningsforbindelse. 

  • Største nederlag? 

    -Å sjå turen bli gitt til ein annan fordi dei rette vedkommande ikkje
    kunne sei ja fort nok. desse 2 turane(opp og ned) skjedde på under 24 t.

  • Ellers noko du vil seie, apell til andre tippara?

    -Han dar Sjevardnatse kva for ein idiot er det? Sats friskt, her kan
    alle vinna. Det vart bevist i år med ein Trønder på fyrste plass, og
    Loften på andre 




 



Entn, her i aksjon under Porsmyri Cup 2001. 

 





©Copyright 2002-2009 – Lade & Bakkagrindi Ltd 
Webdesign henta frå:
Elated PageKits