Spelereglar Lade & Bakkagrindi Ltd.

§1. Innsats pr deltakar er kr 200,-
§2. Alle som skal delta må levera speleforslag innen torsdag 15.08.2002. Speleforslag kan leverast på mail til asbjorn.dale@adcomdata.no eller sendast pr. post til Asbjørn Dale, Fagerheim Allè 36, 7040 Trondheim.
§3. Innbetaling skjer enten ved å legge ved kr 200,- i konvolutt saman med speleforslag, eller innbetalt til konto 3730.10.75112.
§4. Lade & Bakkagrindi Ltd tek i motsetning til andre tippeselskap ikkje provisjon/adm.gebyr. Heile premiepotten blir utbetalt.
§5. Dersom kampar blir utsatt/avlyst frå opprinneleg speledag, vil ikkje resultatet telja, og ein vil ikkje kunne få poeng for kampen. Dersom utsatt/avlyste kampar inngår i bonuspoeng, vil det ikkje vera muleg å få bonuspeng for det spm.
§6. Dersom det er fleire vinnara med lik poengsum, blir premiepotten delt mellom vinnerane. 
§7. Skulle det oppstå tvistar/usemje angåande spørsmåla og utfalla av dei, har overdommar The Cake alle myndigheiter til å avgjera utfallet. Me heldt oss ellers til FIFA sine offisielle statistikker og resultat.
§8. Asbjørn Dale levere sitt speleforslag til Rune Olstad. Rune Olstad leverer sitt speleforslag til Asbjørn Dale.


Viktig! 
Lade & Bakkagrindi Ltd vil utdjupa § 5 i spelereglane for PL -Tippen 2002. Me har brukt terminlista som Nettavisen har lagt ut,
men der er det skjedd nokon endringar i forhold til dato. Kampar som opprinneleg var satt opp på lørdag er flytta til søn/mand osv (I følge
terminlista til VG). For PL-Tippen gjelder dette forløpig:

Spm 1: Aston Villa - Liverpool fra lørdag 17. august til søndag 18. august

Spm 7: Man City - Blackburn fra lørdag 14. september til søndag 15. september

Spm 8: Aston Villa - Everton fra lørdag 21. september til søndag 22. september

Spm 13: Tottenham - Bolton fra lørdag 19. oktober til søndag 20. oktober

Spm 16: Tottenham -Leeda fra Lørdag 23. november til søndag 24. november

I forhold til § 5 i spelereglane skulle egentlig desse kampane då ikkje kunne vera med i konkuransen. Men sansynligvis vil slike
endringar skje fleire gangar, og me vil jo at flest mulig kampar skal kunne vera med å gi poeng. 
DIFOR: Kampar der kampdato blir flytta, MEN blir spela i samme runden (samme veka) vil telja!!

Eksempel: Kamp oppsett lørdag, men blir flytta til onsdag = OK


Dersom det skulle oppstå tvil ved nokon kampar, har Overdommar The Cake all myndigheit.

Overdommaren er suveren!
Ved tidlegare tippekonkurransar har det blitt levert inn mykje rare svar, men vi har stort sett sett godviljen til og akseptert det meste. I år krev vi klare svar, og ved tvilstilfeller set vi 0 (null) poeng. Overdommar The Cake sine avgjerelsar kan ikkje overprøvast, og forsøk på dette fører til umiddelbar diskvalifikasjon frå konkurransen og karantene frå dei 2 neste konkurransane.

 

©Copyright 2002 – Lade & Bakkagrindi Ltd