"Uortodoksiske ungkarstankar"
Startside Nyheiter Konkurranse / Resultatservice Diskusjonsforum Linkar Om selskapet

2. opplag snart klart
"Uortodoksiske ungkarstankar" vart ein knallsuksess og heile førsteopplaget vart rive vekk i løpet av eit par hektiske førjulsveker. Ingen tvil om at diktsamlinga har lege under mange juletre! 

Vi vil i løpet av kort tid vere klar med 2. opplag, men du kan allereie no forhåndsbestille boka. Ta kontakt med Olstad på 99 10 23 73 eller epost: olstadrune@hotmail.com.

Diktsamlinga har no blitt anmeldt av fleire aviser og magasin, og stort sett er den blitt svært godt motteken:

VG - "Fremragende av Grinden! En bok til ettertanke" 
NRK P3 - "Fett, Grinden! Fett!" 
Finansavisen - "Jaja, Grinden. Det er lov å prøve seg!" 
Vi over 60 - "Det er bare en ting å si: Uortodoksiske tanker fra en varm sjel" 
Avisa Ytre Sogn - "Brynjulf Grinden. Beste diktaren frå Sogn nest etter Norvald Tveit!" 
Syn og Segn - "Beste nynorske sidan Aasen! Grinden rular!" 


(4. jan 2003)

 

Lade & Bakkagrindi Ltd. satsar for fullt i bokbransjen!

Etter påtrykk frå fleire unge og fremmadstormande diktarar har leiinga i L & B Ltd. beslutta å starte opp eige forlag, L & B forlag. Formålet med forlaget er å få nye og ukjende diktarar / forfattarar sine verk fram i lyset. Vår første utgivelse er diktsamlinga "Uortodoksiske ungkarstankar" av den lovande diktaren Brynjulf Grinden frå Kaupanger.

Brynjulf Grinden har skrive dikt i fleire år, men meinte no at dei var mogne for eit større publikum. I debut-utgivelsen har fjellet ein sentral plass, då det er nettopp her Grinden har fått inpirasjon til mykje av poesien sin. Difor har det vore eit sterkt ønskje frå han å få gjeve ut boka i 2002, som har vore Fjellets År. Andre viktige inspirasjonskjelder har vore Jakob Sande og Bob Dylan. 

I "Uortodoksisk ungkarstankar" tek Grinden for seg hendingar og tankar frå ungkarslivet. Han håper sjølv at diktamlinga skal vere morosam, men også vere til ettertanke. Noko å tenke på i vår stressa kvardag...

Overdommar Olstad har teke på seg ansvaret for sal og marknadsføring av boka. Vil du skaffe deg eit eksemplar, ikkje nøl med å kontakte han på tlf. 99 10 23 73 eller epost: olstadrune@hotmail.com

(Des 2002)

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

 



Framsida på "Uortodoksiske
ungkarstankar"





©Copyright 2002-2008 – Lade & Bakkagrindi Ltd 
Webdesign henta frå:
Elated PageKits